Ledig stilling som personalsjef i Møre bispedøme

Kan du tenkje deg stilling som personalsjef / Avdelingsleiar personal og administrasjon i Møre bispedøme? Søk på ei spennande stilling, med personalansvar for omkring 90 medarbeidarar! Søknadsfrist: 15. mars.

Ledig stilling som personalsjef i Møre bispedøme

Møre bispedøme søkjer etter ein personalleiar som har framtidsperspektiv og gjennomføringsevne. Møre bispedøme står framfor store oppgåver, både administrativt og organisatorisk, gjennom fornyinga innan bispedømet sin arbeidsgjevarpolitikk og ressursforvaltning. Arbeidet med ny kyrkjeordning vil verke inn på fagområdet.

Personalsjef/Avdelingsleiar vil ha som oppgåve å ta hand om og utvikle personal- og arbeidsgjevaransvaret på vegner av biskop og bispedømeråd i nært samarbeid med prostane. Personalsjef/Avdelingsleiar vil ha ansvar for å koordinere personalarbeidet i bispedømet, samarbeide med Kyrkjerådet si HR avdeling og dei nasjonale teama innan løn og økonomi. 

Personalsjef/Avdelingsleiar er del av leiargruppa på bispedømekontoret som i tillegg består av stiftsdirektør, biskop og avdelingsleiar kyrkjefag.

 

Søknadsfrist: 15. mars 2022.


Sjå fullstendig stillingsutlysing for meir om stillinga. Sjå også oversikten Jobb hos oss.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"