Sjå alle sakene til bispedømerådsmøtet 2. november 2020
Under rådsmøtet skal desse høyringane frå kyrkjerådet drøftast:
- Endringer i kirkeordningen og enkelte andre regler
- Kvalifikasjonskrav for kyrkjelege stillingar
- Kyrkjeval - overordna problemstillingar
- Valordning for val av prest og lek kyrkjeleg tilsett
- Særskilde reglar for digital førehandsrøysting ved kyrkjevalet
- Langtidsutleige av kyrkjer
- Fjernmøter og skriftlig saksbehandling i kirkelige rådsorganer
Bispedømmerådet skal også ta avgjerd om ekstra tildeling av tilskot til kateket- og diakonstillingar 2020. Møre bispedømme står i 2020 med eit samla mindreforbruk på nærare 2,5 mill. for stillingar innan diakoni, undervisning og til kyrkjemusikk i domkyrkja. I denne omgang blir det foreslått å dele ut eit utjamnande eingongstilskot til fellesråda, for å kompensere for skeiv fordeling av tilskota.
Rådet skal vidare ta stilling til framlegg om endring av namn i Molde sokn: Kyrkjerådet har teke initiativ til å justere namn på domkyrkjesokna slik at ein får likelydande namnetradisjon på sokn, kyrkjelyd og på sokneråd i dei 11 sokna der domkyrkja er soknekyrkje. Framlegget går på at Molde sokn blir endra til Molde domkirke sokn. Namnet på Molde menighet og Molde menighetsråd blir foreslått endra til: Molde domkirke menighet og Molde domkirke menighetsråd.
Mellom andre saker i bispedømerådet er:
- Budsjett og årsplan 2021 - overordna styringssignal
- Sluttføring av Enøkprosjektet
Møtet i bispedømeråd tek til måndag 2. november kl. 10 i Møre bispedømeråd sine lokale i Molde. Møtet er ope for alle.