Markerer 20 år med togkapell

Det einaste togkapellet i Noreg har 20 års jubileum laurdag 10. juni.

Arkivbilete av biskop Ingeborg Midttømme, ved ei vitjing i togkapellet på Åndalsnes.

Togkapellet blei i sin tid vigsla av biskop Odd Bondevik 10. juni 2003, i nærvær av Kong Harald og Dronning Sonja. På dagen 20 år etter blir det ei markering for jubilanten, fortel Petter Dahle, pensjonert prest og styremedlem i Stiftelsen Åndalsnes togkapell. Kapellet er det einaste av sitt slag i Noreg, kanskje også i Europa og verda (men dette er ikkje bekrefta).

- Det blir ei tilstelling og markering. Mellom anna skal det vere eit par mini-konsertar, anten inne i kapellet eller på møteplassen utanfor. Det er litt vêravhengig. Så er det lagt opp til at folk får litt historikk rundt kapellet, det blir ord for dagen, servering av vaflar og kaffi, og elles hyggeleg sosialt, seier Dahle.  

Det spesielle kapellet står sentralt på skysstasjonen, og har soleis vore eit viktig innslag for turismen i Åndalsnes, men også for lokalbefolkninga. Det har blitt arrangert både dåp, vigslar, enkelte messer, tidebøn, gudstenester og andre tilstellingar opp gjennom.

Åndalsnes Togkapell ved jernbanestasjonen på Åndalsnes har sidan 2003 eksistert som eit tilbod til både reisande og fastbuande. Jernbanevogna blei gitt i gåve av NSB, og blei ominnreidd til kapell. «Over 400.000 besøkende fra en mengde land har brukt tid inne i togkapellet siden åpningen i 10. juni 2003», skreiv Møre bispedøme på sin heimeside i januar 2018. I dei dryge fem åra som har gått sidan den gong, har nok ytterlegare tusnar vore innom. 

Togkapellet er eigd av den tverrkyrkjelege stiftinga Stiftelsen Åndalsnes togkapell, og er basert på frivillig drift. Jernbanevogna er todelt, med eit uformelt møterom og eit kapell. Kapellet rommar 25 sitteplassar, medan det er 55 plassar totalt i vogna. – I prinsippet skal det vere opent året rundt, legg Dahle til.

Alteret ut på folkets arena har vore visjonen bak togkapell-prosjektet, og tusenar av reisande frå heile verda har skrevet seg inn i gjesteboka i togkapellet.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"