Vekstmidlar er ei tilskotsordning finansiert av bispedømmet sine interne avsetjingar.
Søknadsfristane for 2024 er 15.april og 15. september.
Total tilskotssum vil variere frå år til år.
Søknad må fremjast på eige søknadsskjema.
Vilkår for tildeling
Tilskotet blir gitt for å realisere satsingar og prioriteringar i bispedømmet sine strategiar og planverk.
Prioritert område i 2024 er:
- Barn og unge 0-30 år
Vi oppmodar særleg til søknader innanfor desse områda:
- Trusopplæringstiltak som styrkjer samarbeid mellom sokn og fellesrådsområder, og med kyrkjelege barne- og ungdomsorganisasjonar.
- Nyskapande diakonale tiltak som samhandlar på tvers av sokn/fellesrådsområder og/eller som aukar kontakten med sivilsamfunnet.
- Tiltak som byggjer fellesskap for barn og unge.
- Nyskapande tiltak i gudstenestelivet.
- Nyskapande prosjekt innan kunst og kultur, og kyrkjemusikalsk verksemd.
- Tiltak for å rekruttere og utruste frivillige i kyrkjeleg teneste.
Kven kan søkje?
Søkjar/prosjekteigar lyt vere kyrkjeleg råd, underutval av desse eller samarbeidande organ/organisasjonar. Samarbeidande organ/organisasjonar lyt leggje tilråding/samarbeidsavtale frå vedkommande kyrkjelege råd ved søknaden.
Hovudregelen er at eit prosjekt berre kan få tilskot ein gong. I særskilte høve kan prosjekt motta støtte inntil tre gonger. Det blir ikkje gitt tilskot til finansiering av faste stillingar.
Økonomirapport:
Tilskotet blir utbetalt til oppgitt kontonummer i søknad og utbetaling skjer etter reglane i «Forskrift om økonomiforvaltning i sokn i Den norske kirke» av 01.01.2021.
Søkjar/prosjekteigar må føre rekneskap som viser oversikt over bruk av tilskotet. Rapportering og rekneskap for tildelt sum skal rapporterast på eige rapporteringsskjema når prosjektet er ferdig og seinast innan 31. januar året etter.
Tildelte midlar som ikkje blir nytta i tråd med søknad, skal i betalast tilbake til Møre bispedømmeråd, med mindre det blir gjort avtale om å nytte dei til andre relevante formål. Partane skal gjere avtale om endringar.
Kontroll og sanksjonar
Bispedømmerådet har høve til å gjennomføre naudsynt kontroll med at tilskotet blir nytta etter føresetnadane i dette tildelingsbrevet. Dersom det i ettertid viser seg at tilskotet ikkje er nytta til det formålet, kan bispedømmerådet krevje delar av eller heile tilskotssummen tilbake.
Her finn du søknadsskjema og informasjonsskriv om ordninga.