Nytilsette prestar på introduksjonsdag

Nytilsette prestar i Møre var nyleg på vitjing til bispedømekontoret.

På venstre side av bordet: Karl McAllister, Per Kristian Hovden Sætre, Solfrid Leinebø Seljås, Arvid Helle (leiar av kyrkjefagsavdelinga på bispedømekontoret), Elin Næsje Sætre (kontorleiar Møre bispedømekontor) og Lars Skagestad (personalrådgivar Møre bispedømekontor). På høgresida av bordet finn vi, frå nedst til øvst: biskop Ingeborg Midttømme, Bjørg Marie Myhre, Tor Koppang, Tommy Høgset, Lynn Brakstad, Knut Farstad, David Spjøtvold og Toril Stendal. Ikkje med på bilete: Mirjam Håland Igland

Personalavdelinga på bispedømekontoret, som har ansvar for å organisere dagen, inviterte i september alle nytilsette prestar til introduksjonsdag.

Denne «bli kjend»-dagen er eit godt høve for prestane og biskop/bispedømeadministrasjon å møte kvarandre skikkeleg. Målet er ikkje berre å gjennomføre eit sosialt samkome, men også at prestane skal få nødvendig innsikt i lokale forhold samt bispedømet sine planar, visjon og rutinar. I tillegg fekk heile staben på kontoret presentere seg for prestane, og vice versa.

- Alltid noko nytt å ta med seg

Solfrid Leinebø Seljås, som er nytilsett sokneprest i Herøy, fortel at ein slik dag er nyttig på fleire måtar.

- Eg er ny prest i dette bispedømet, og tenkjer denne dagen var nyttig på fleire måtar sjølv om eg er ein erfaren prest. Eg fekk helse på dei som arbeider på bispedømekontoret og fekk eit innblikk i kva den enkelte styrer med. Så tenkjer eg at det er greit å ha helst på ein del av dei andre prestane også i eit litt mindre fora enn når bispedømet kallar inn alle prestane til samling 1-2 gonger i året. Eg hadde nytte og glede av dagen, og sjølv om eg har vore borti det meste frå før, så er det alltid noko nytt å ta med seg inn igjen i det daglege arbeidet i dei kyrkjelydane som eg gjer teneste i.

Lynn Brakstad (sokneprest i Frei) og Tommy Høgset (sokneprest i Hen, Eid og Holm) i ein kaffepause. Bilete: Møre bispedøme 

- Fint å treffe andre i same båt

- Ein slik dag er fin for å treffe andre som er nye i bispedømet og dei tilsette på bispedømekontoret. Deltakarane var ei blanding av folk med både kort og lang tenestetid i kyrkja. Noko var sikkert nyttigast for dei heilt ferske, men det er nyttig for alle å treffe folk, seier Per Kristian Hovden Sætre, som er sokneprest i Hornindal, Austefjord og Storfjorden.

- Det er alltid fint å treffe andre i same båt. Fordi mange av oss har vore i gang ei tid før ein fekk samla alle til introduksjonsdag, var me også mange som hadde mange konkrete spørsmål me trengde svar på. Og då er det både fint og ganske effektivt når der er mange som kan svare på same staden, slår Hovden Sætre fast.

Prestane som var på vitjing har ulik fartstid i kyrkja, men er likevel nytilsett her i Møre den siste tida.  Introduksjonsdagen er også ein del av introduksjonsprogrammet for nytilsette i Den norske kyrkja, som skal gjennomførast både på lokalnivå, prostinivå og på bispedømenivå.

Personalrådgivar på Møre bispedømekontor, Lars Skagestad, i samtale med fengselsprest i Hustad, Karl McAllister. Bilete: Møre bispedøme                         

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"