Her følgjer ei oversikt over dei nyaste tilsettingane i Møre bispedøme.
Foto: Sunniva Krøvel
Ruth Eva Sollie har tatt imot stillinga som studentprest (50 %) ved Høgskolen i Volda. Inntil vidare held ho fram som kyrkjelydsprest i Vartdal (50 %). Tidspunkt for tiltreding vil skje i samråd med prosten.
Foto: Privat
Joachim Haaland har tatt imot stillinga som Fengselsprest (40%) ved Ålesund fengsel og som studentprest (50 %) ved NTNU i Ålesund.
Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/Vestlandsnytt
Solfrid Leinebø Seljås har tatt imot stillinga som sokneprest i Søre Sunnmøre prosti med Herøy sokn som særleg tenestestad. Tidspunkt for tiltreding vil skje i samråd med prosten. Seljås har vikariert i stillinga i 1,5 år.
Tidlegare tilsette i 2022:
Møre bispedømmeråd vedtok i møte 25.april å tilsette David Spjøtvold som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Brattvåg sokn som særleg tenestestad. Spjøtvold takka ja til stillinga, og tiltrer 1.august 2022.
Bjørg Marie Myhre har tatt imot stillinga som sokneprest i Molde domprosti med Vågøy og Myrbostad sokn som særleg tenestestad.
Knut Farstad har tatt imot stillinga som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Ikornnes sokn som særleg tenestestad.
Toril Stendal har tatt imot stillinga som sokneprest i Indre Nordmøre prosti med Tingvoll og Straumsnes sokn som særleg tenstestad.