- Giske kyrkje er ein del av Kystpilegrimsleia, så då er det fint og naturleg å gjere dette, seier Gunnhild Bremer, prest under utdanning i Valderøya sokn.
Vandringa er torsdager klokka 12 - frå torsdag 22. juni til og med torsdag 27. juli. frå jonsok til olsok.
Litt om å gå pilegrim:
Ei pilegrimsvandring kan ha mange motiv. Det konkrete målet er eitt av dei. I denne vandringa er det Giske kyrkje. I tillegg er det ei naturoppleving og moglegheit til å utforske lokal historie.
Moderne pilegrimar legg ofte like mykje vekt på den indre prosessen i vandringa. I vår enkle vandring skal vi på ulike måtar sjå etter spor av Gud i liva våre.
"Gud...er jo ikkje langt unna ein einaste ein av oss. For det er i han vi lever, rører oss og er til" Apg 17
"Herre, syn meg den vegen eg skal gå, og gjer meg villig til å gå han" St Birgitta av Vadstena si bøn.
Velkomen til vandring!
Beste helsing
Gunnhild Bremer,
prest under utdanning i Valderøya sokn