Prostidagar og soknerådskurs

Det blir både prostidagar og soknerådskurs i november.

Prostidagar og soknerådskurs

Det inviterast til prostidagar over heile Møre bispedømme. Eit hovudtema på desse dagane er: Kyrkja vår «meir for fleire».

Vi ønsker å sette fokus på korleis kan vi kan vere ei relevant og aktuell kyrkje for alle – «meir for fleire» gjennom ein tverrfagleg dag kor synspunkt frå dei ulike yrkesgruppene som arbeidar i kyrkja kjem til orde. 

Korleis kan vi vere «meir for fleire» lokalt i kyrkjelyden vår og i fellesrådet vårt? Det blir foredrag, gruppearbeid, og refleksjonar i plenum. Det blir og tid til både kaffipausar og ein god lunsj. Alle kyrkjeleg tilsette i prostiet er inviterte.

Registrer di påmelding hos kyrkjeverje/prost seinast ti dagar før Prostidagen i ditt prosti.

 

Invitasjon til kurs for nye sokneråd

Kyrkjemøtet har understreka at sokneråd har styringsansvar i trussamfunnet Den norske kyrkja. Som medlemmer i eit folkevald organ er den einskilde ombod for medlemmene.

Truleg er det mange av dykk som lurer litt på kva dette ombodsarbeidet går ut på. Difor inviterer Kyrkjerådet v/Møre bispedømmekontor inn til kurskveld for alle soknerådsmedlemmene. Mange er nye og ukjente i soknerådssamanhengen, andre er røynde og har lang fartstid, nokre er usikre på om dei treng møte.

Kurset er for alle som har medlemsstatus og status som varamedlem (folkevald og prest). For nokre råd kan det også vere naturleg og aktuelt å møte med dagleg leiar/sakshandsamar/sekretær i soknet/for soknerådet.

Kva handlar soknerådskurset om

Innhaldet i kurskvelden er i hovudsak den same overalt og utvikla i eiga arbeidsgruppe.

I kvart bispedømme er det kurshaldarar som har ansvar for gjennomføring av kursa. I kvart kurs er det sett av tid til fokus på aktuelle saker i bispedømme og prosti. Det nye strategiske verktøyet til alle som arbeider i kyrkja heiter "Kyrkja vår". Dette er eit nettbasert verktøy som etter kvart skal innførast i alle sokn. Både tilsette og folkevalde i soknet skal ha tilgang.

Gjennomføringsplan:

Kursa blir gjennomførte prostivis, med unntak av i Romsdal der rådsmedlemmer kjem saman frå begge prostia.

Tidsrom: kl. 16.30 – 20.00. Kurset startar med måltid og har innlagde pausar undervegs. Sjølve kursbolken startar kl. 17.15.

Lokalisering

7/11       Søre Sunnmøre                Uppheim i Volda

9/11       Nordre Sunnmøre                          Gomerhuset på Skodje

15/11    Romsdal                                              Røbekk kirkesenter

15/11    Ytre Nordmøre                 Kristiansund kirke (Kirklandet)

(stad kan bli endra, prost varslar om evt. ny stad)

16/11    Indre Nordmøre                              Tingvoll menighetshus

 

Påmelding

Påmelding og allergibehov skal meldast til eigen kyrkjeverje innan 10 dagar før eige kurs. Kyrkjeverje melder straks inn påmeldingane vidare til kyrkjeverje på kursstaden.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"