«Søndag for dei forfølgde» er ein viktig global merkedag i kyrkjeåret. Denne dagen står kyrkjelydar over heile verda saman i bøn for den forfølgde kyrkje. Menneske som vert forfølgde for si tru, ber om vår forbøn og støtte.
Møre bispedøme oppfordrar alle sine kyrkjelydar til å vere med!
Dagen vert markert andre søndag i november, som i år fell på 13. november, eller ein annan egna søndag som passar i kyrkjelyda.
Preiketips, bøner og andre ressursar til gudstenesta vil de finne på heimesida til Stefanusalliansen, www.stefanus.no.
Fleire aktuelle og oppdaterte ressursar kjem i løpet av hausten.
På vegne av Møre bispedøme takkar vi for at de står saman med dei forfølgde.
For ressursar til søndagen, klikk her. For meir informasjon og spørsmål, kontakt post@stefanus.no.