Sørsamisk velsigning blir del av den offisielle gudstenesten på ytre Nordmøre

Både kyrkja sentralt og biskopen har hatt eit ønskje om å løfte fram sørsamisk historie knytt til Nordmøre. No blir sørsamisk velsigning ein del av gudstenesta på ytre Nordmøre.

Prost Sindre Stabell Kulø, borna David og Eleana, og ektefelle Kirsti Guvsàm. Foto: Ingeborg Midttømme

Nordmøre og ytre Nordmøre har sørsamisk historie, skriv Tidens Krav. Det markerast med at alle kyrkjene i ytre Nordmøre skal ta til med ein sørsamisk velsigning. Frå første søndag i advent starta dei med denne velsigninga, og den skal no vere med på alle gudstenester, skriv avisa.

 

– Det er tydelege spor av sørsamisk kultur og språk i Nordmøre, mellom anna i mange stadnamn i området, særleg i Aure og Surnadal/Sunndal. Når vi no har gjennomført ein gudstenesterevisjon fann biskopen og prosten det naturlig at kyrkjelydane i Ytre Nordmøre får høyre velsigninga på sørsamisk i sine gudstenester, seier prost i ytre Nordmøre prosti, Sindre Stabell Kulø.

 

Den sørsamiske signinga er som følgjer:

Jupmele datnem bueriesjugnede jïh datnem vaarjele.

Jupmele jïjtse ååredæjjine dutnjien tjuavka jïh datnem aarmode.

Jupmele jïjtse ååredæjjam dov gåajkoe jarkoe jïh dutnjien raeffiem vadta!

 

– Prestane i Ytre Nordmøre har gått på kurs med prest i sørsamisk kyrkjelyd, Einar Bondevik. Man har høve til å melde seg inn i sørsamisk kyrkjelyd om ein har ønskje om det, legg Kulø til.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"