Årets utgåve at Fjord Cadenza blir arrangert denne helga. Søndag 9. august blir festivalen avslutta med festivalgudsteneste og kyrkjekonsert i Sandøy kyrkje kl 12.30. Her skal biskop Ingeborg delta, saman med songarane og musikarane Magne Fremmerlid, Eldbjørg Hemsing, Dorran Alibaud, Bjørnar Myhr, Charlotte Fongen, med fleire.
Denne konserten avsluttar eit heilt spesielt prosjekt knytt til årets Fjord Cadenza festival. Grunna korona-situasjonen måtte festivalen tenke alternativt om programinnhaldet. Songar Magne Fremmerlid kom opp med ideen om ein konsertserie med småkonsertar i alle dei 16 kyrkjene i nye Ålesund kommune. Prosjektet starta i pinsehelga, og blir altså avslutta med finalekonsert i Sandøy kyrkje søndag 9. august.
Alle konsertane er blitt streama, og ligg tilgjengeleg på Fjord Cadenza si facebookside: https://nb-no.facebook.com/pg/FjordCadenza/posts/
Prosjektet er støtta av Møre bispedømeråd.
Bjørnar Myhr
Magne Fremmerlid