- Arrangementet er i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, og dette er dagen før Verdens miljødag vert markert. Vi vil ha fokus på skaparverket, og særleg fjordlandskapet i vårt område. Det er med glede vi inviterer til dette flotte friluftsarrangementet i Geiranger, fortel prost Svein Runde.
Under gudstenesta vert det:
- Korpsmusikk
- Tale og innslag ved sokneprest Morten Gravdal og prost Svein Runde
- Bøner og tekstlesing ved barn
- Musikalsk leiar Gunnar Inge Eide
Etter gudstenesta:
- Oddvar Longva som i mange år har jobba med Åknesprosjektet, og hadde ansvar for tolking av rashistoria langs dei indre delane av Storfjordsystemet, vil sette fokus på fjordlandskapet som er sjølve verdsarven, korleis det er danna og korleis det endrast over tid.
- Det vert også lagt opp til natursti i området ved Verdsarvstiftinga.
Hausetsetra ligg nydeleg til i øvre del av Møllsbygda, med flott utsikt over Geirangerfjorden.
Alle er velkomne til gudstenesta og arrangementet i etterkant. Ta med niste og sitteunderlag.
Arr. Nordre Sunnmøre prosti i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv.
For meir informasjon:
Svein Runde
Prost i Nordre Sunnmøre prosti
Mobil: 91114095 Mail: svein.runde@kyrkja.alesund.no