Skaparverket er tema når det 11. juni blir arrangert verdsarvgudsteneste på Hausetsetra i Geiranger.
Bøner og tekstlesing, barnekor, musikkorps, seterhistorikk og natursti er nokre av programpostane under dagen.
Samlinga tek til med gudsteneste klokka 12. Den er særskilt tilrettelagt for barn. Så held det fram med andre programpostar utover dagen.
Dette er andre året Austre Sunnmøre prosti arrangerer verdsarvgudsteneste. Arrangementet skjer i samarbeid med stiftinga Geirangerfjord Verdsarv.
Les plakat: Verdsarvgudsteneste 2017
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.