Biskopen på visitas til Aukra

Første veka i juni er det bispevisitas i Aukra. Etter fleire utsettingar på grunn av pandemien, kunne kyrkjelyden endeleg ta imot biskop Ingeborg med følgje.

Sokneprest Kristian Finn Risung forretta kvardagsmesse i lag med biskop Ingeborg Midttømme

Den første dagen byrja med kvardagsmesse i Aukra kyrkje og besøk i tysdagskafeen i kyrkjelydshuset. Her fekk ho møta stab og engasjerte frivillige som står på for å gjere kyrkja til ein god møteplass.  Ho fekk også møta elevar i åttande klasse på Gossen barne- og ungdomsskole, som stilte biskopen mange utfordrande spørsmål.

Seinare blir det møte med kommuneleiing, besøk hos laksebedrifta Vikenco på Rindarøy, barnehage, skule og omsorgssenter, og sjølvsagt møte med konfirmantane og soknerådet.

Det blir også fleire opne arrangement. Tysdag var det misjonskveld, med presentasjon av misjonsprosjektet i Moldova, som vekker stort engasjement i Aukrasamfunnet. Heile torsdagen er sett av til Julsundet, og der blir det eit folkemøte med tema kapell og gravplass i Julsundet. Både fredag kveld og laurdag kveld er det konsertar i kyrkja. Høgdepunktet i visitasen er gudstenesta søndag kl 11, med påfølgjande visitasmøte like etterpå. Denne gongen er det i tillegg lagt inn vesper – kveldsgudsteneste – kl 16.30 saman med den katolske kyrkja.

Sjå heimesida til Aukra kyrkje for meir informasjon. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"