Nedanfor ser du dei fire listene som stiller til val i Møre bispedøme, presentert i alfabetisk rekkjefølgje. 10. og 11. september 2023 er valdagen for nytt bispedømeråd og nytt Kyrkjemøte. Du kan vere med å forme framtida si kyrkje! Bispedømerådet har ansvar for verksemda i bispedømet, saman med biskopen. Dei tilset m.a. prestar. Medlemmene er også med under Kyrkjemøtet.
Frå 10. august er det mogeleg å førhandsstemme digitalt. Om du er medlem av kyrkja er bank-ID alt du treng for å stemme. Og ein mobiltelefon, PC eller tablet sjølvsagt.
Trykk på denne lenka for å få meir info om korleis du kan førehandsstemme, korleis du gir di stemme på valdagen, og annan info om kyrkjevalet: https://www.kirken.no/valg/



