Litt program høyrer med på ein juletrefest: andakt av Ruth Eva Sollie, songar og quiz, og ikkje minst skal vi gå rundt juletreet. Kanskje har du ikkje fått gjort det i jula; no har du sjansen! Alle som har høve, tek med seg «mat på fat» som vi set på eit felles bord der alle kan forsyne seg. Kanskje kjem det nokon med ei overrasking til borna også? I år er det gratis inngong, med høve til å gi ei gåve i kollekt.
Ein juletrefest er ein kjekk møtestad på tvers av generasjonar, og vi trur at denne søndagsettermiddagen vert ei fin avrunding av julehøgtida. Arrangørane er Søndagsskule i Mosmarka, Ørsta indremisjon og Den norske kyrkja i Ørsta.