Søndagstankar 10.november: Misjon?

Denne helga er det misjonsmesse på kulturhuset: Nesten heile laurdagen er det matsal og loddsal og song og fellesskap og mykje anna, alt til inntekt for Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Thailand. Men kva er dette med misjon? Er det framleis aktuelt og relevant og verdt å bruke tid og pengar på? Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar.

Foto: NMS/Thailand

På leir

Då eg var liten, reiste eg gjerne på leir. Leir var kjekt; vi spelte fotball, leika ute, spelte spel, gjerne i lag med litt kule leiarar.  Det var sporløp, kiosk og underhaldningskveld. Sjølvsagt var det spennande å skulle overnatte ein annan stad, og det var mange nye folk å bli kjent med, folk som kom heilt frå Volda og Ulsteinvik og Gjerdsvika!

Og så hang det eit stort kart på veggen på leirstaden, eit kart over heile verda. Nokre land var merka spesielt: Det var land som misjonen var i, fekk eg vite. Eg syntes det var veldig spennande med kart og flagg og land andre stadar i verda. Under «misjonstimen» på leir, fekk vi høyre meir om dei forskjellige landa på kartet: Vi lærte at misjon, jau, det var når nokon reiste til eit land langt borte for å fortelje dei som budde der om Jesus!

Det er sant at det er misjon. Men misjon er meir enn at nokre nordmenn reiser til andre land for å fortelje om Jesus. Det er to ord eg har lyst å bruke viss eg skal seie kva misjon er for noko.

Dele....

Det første ordet er å dele. Å dele er ei vanskeleg øving for mange av oss. Vi vil ofte vere sikre på at vi har nok sjølve, men når vi faktisk deler av det vi har fått, erfarer vi gjerne at det gjer godt, også for den som deler. Når vi deler, gjer Gud noko godt gjennom oss, mykje meir enn vi kan vite. Misjon handlar om å dele av det vi har fått. 

Gud skapte oss menneske for å dele med oss: For å dele av alt det gode han har skapt, for å dele av sin store kjærleik, som er nok til absolutt alle. Gud ber oss om å dele av det vi har fått. Misjon er å dele: Dele Guds kjærleik med andre, dele forteljinga om Jesus med andre, dele trua si glede og trua sitt håp, dele det vi sjølv har fått med andre, her i Ørsta og over heile jorda.

...og invitere

Det andre ordet er å invitere. Det er kjekt å invitere til selskap, til middagsbesøk eller noko anna kjekt. Når vi inviterer tenker vi på nokon andre, tenker at vi har lyst å vere saman med den eller dei vi inviterer, vi gler oss og ser fram til fellesskap. 

Jesus fortel om Guds rike som eit stort selskap vi er inviterte til. Jesus vil invitere alle til denne festen. Til å invitere brukar han oss menneske, med alle våre gåver og alle våre manglar. Vi får invitere andre til å vere med, invitere til fellesskap med Jesus. Den som blir invitert får alltid velje sjølv om han eller ho vil komme, men det er viktig at alle bli invitert, for i selskapet i Guds rike der er det plass til alle! Misjon er ikkje noko mindre enn å invitere, alle menneske, alle slags menneske, til fellesskap og feiring i Guds rike.

Misjon handlar om to gode ting: å dele og å invitere. Gud deler med oss og inviterer oss. Vi får dele med andre, vi får invitere andre! Her vi bur, i Thailand- og over heile det store verdskartet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"