Søndagstankar 11. august: Som skapt for å dele(s)

Sokneprest Arne Moltubak skriv om både kjønnsroller og deling i søndagstankane for 11. august

Foto: Kjetil Ree (Wikipedia)

Skapt for å dele

«Som skapt for å deles» skriv Freia om sjokoladen Smil. Å dele er noko av det første vi lærer borna våre. Når dei kranglar om leikar, kven som skal sitte ved sidan av kven eller kven som skal få den siste sjokoladen. «Vi må dele» seier vi med mjuk, men myndig stemme. Så er spørsmålet: Er vi like flinke til å dele sjølve som vi er til å lære borna våre?

Kjønnsroller

Denne søndagens bibeltekstar oppmuntrar oss til å dele av det vi har. «Med alt det dei eigde, tente dei Jesus og dei tolv,» kan vi lese om kvinnene som følgde Jesus. Men aller først: teksten viser oss eit kjønnsrollemønster som mange av oss finn både problematisk og utdatert. Sjølv om såkalla tradwifes, kvinner som vel å arbeide i heimen i staden for å vere i løna arbeid, har ein viss popularitet, vil mange kjenne på både avstand og motstand til Lukas sitt bilete av kvinner som har som livsoppgåve å tene mennene i fellesskapet.

Eg trur med heile meg at det hadde stor verdi for born og unge i tidligare tider at mor eller andre var heime når dei kom heim frå skulen. Dei heimearbeidande mødrene skapte både tryggleik og gode rammer å vakse opp i og det heimearbeidet som vart gjort av mange kvinner skapte ein god balanse i mange heimar. Eg trur likevel ikkje vi skal tilbake til dette som normal. Eg trur det er eit gode for heile samfunnet at alle, på like vilkår, skal kunne finne sin plass i arbeidslivet utanfor heimen.

Å dele

Så er nok heller ikkje kjønnsroller hovudpoenget i teksten om dei som følgde Jesus. Felles for mennene og kvinnene i Jesu følge var at dei alle hadde tatt eit radikalt val. Dei hadde forlate sitt vanlege liv for å bidra i Jesus sitt prosjekt med å bere fram den gode bodskapen om Guds rike. Dei brukte seg sjølv og det dei hadde for at Guds rike skulle bli større, for at Guds godheit og kjærleik skulle nå lenger ut og omfamne fleire.

Som Smil-sjokoladen er skapt for å deles, er vi skapt til å dele av det vi har. Anten vi er kvinne eller mann eller ikkje kjenner oss igjen i nokon av kategoriane. Om vi er ung eller gammal, rik eller fattig. Vi er skapt til å dele både pengar og tid, evner og fellesskap.

Fellesskap

Kva har eg som eg kan dele med andre? Kor mykje av det som kjem inn på konto vil eg bruke på meg sjølv og kor mykje kan eg dele med andre som har mindre enn meg? Kor mykje av tida mi vil eg bruke på eige hus, hage og fritidsaktivitetar og kor mykje kan eg gi til fellesskapet på dugnad eller som frivillig i kyrkje eller organisasjon? Ikkje tenk at du skal begynne i morgon eller neste år. Begynn i dag. Akkurat no. Ein dag treng eg deg. Ein annan dag treng du meg. Saman deler vi det livet vi har fått i gåve.

God helg!

Sokneprest Arne Moltubak

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"