Søndagstankar 13. oktober: Auget som ser

Sokneprest Arne Moltubak skriv om å lese Bibelen frå ulike perspektiv og korleis det gjev heilt ulike oppfatningar av bibelteksten.

Søndagstankar 13. oktober: Auget som ser

Ser du glaset som halvfullt eller halvtomt? Ser du den unge eller den eldre kvinna i den kjende teikninga til W.E. Even få 1915. Og kven legg du merke til i den nederlandske målaren Hendrick Jansz Terbrugghen sitt måleri «Den rike mannen og den fattige Lasarus»? Den rike mannen i bakgrunn? Eller den fattige Lasarus i forgrunnen?

“Det kjem an på auget som ser,» seier vi. Ei sak, ei historie eller eit bilete kan alltid  sjåast og opplevast frå fleire perspektiv. Bakgrunnen din, kva du har opplevd og kven du er har stor verknad på kva du ser eller høyrer, kva du legg merke til og kva du sit att med.

Den rike mannen og Lasarus

Slik er det og med den bibelfortellinga som prestar over heile Noreg skal forkynne over denne søndagen. Jesus fortel ei likning om ein rik mann som vaknar i pine i dødsriket og ser Abraham langt borte. Tett inntil Abraham ser han den fattige Lasarus, som medan dei to levde, låg utanfor den rike sin port med verkjesår og let hundane slikke såra sine. Når den rike mannen ber Abraham sende den fattige Lasarus over til seg slik at han kan kjøle tunga hans, får han klart svar frå Abraham: ‘Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde, og Lasarus like eins det vonde. No blir han trøysta her, medan du lid vondt.

Mange av oss vil raskt identifisere oss med den rike mannen i fortellinga. Då ser og høyrer vi ei vanskeleg fortelling om ein Gud som straffar. Ei fortelling som strir mot alt vi har lært om «nåden åleine» og frelse i Kristus og ikkje ved gjerningar. 

For andre ber fortellinga med seg eit sterkt og intenst håp om rettferd, om at den urettferda dei no opplever ein gong skal rettast opp. At dei ein gong skal vere på den andre sida av avgrunnen og ikkje måtte tigge eller vere avhengige av restane frå dei rike sitt bord.

Både - og

Eg trur vi treng denne og liknande bibelske fortellingar. Ikkje som fortellingar om kva som skjer etter døden. Det er ikkje Jesus sitt poeng. Tvert imot treng vi denne fortellinga fordi den seier oss noko viktig om livet her og no. Nokre gongar treng vi å verte minna på å dele av rikdomen og resursane våre. Andre gongar treng vi fortellinga for å få mot til å møte morgondagen og for å ikkje misse håpet om at rettferda ein gong skal skje.

Kva ser du og kva treng du, i dag?

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"