Søndagstankar 23.juni: Kriser og tru

"Krisene er heilt nødvendige for å kunne bryte med det som ligg bak og så kunne gå vidare i utviklinga som menneske." Les sokneprest Espen Aarseth sine søndagstankar for 23.juni.

Søndagstankar 23.juni: Kriser og tru

Psykologen Erik Eriksson formulerte ein av dei mest grunnleggande psykologiske teoriane vi framleis nyttar i dag. Mennesket si utvikling frå barn til vaksen er ikkje berre ein rett strek, men den går i faser. Og overgangen mellom desse fasane er ikkje alltid enkel, men vert kjenneteikna som kriser. Men krisene er heilt nødvendige for å kunne bryte med det som ligg bak og så kunne gå vidare i utviklinga som menneske.

Anten så trur vi eller så trur vi ikkje?

Når det kjem til gudstru, har vi i kyrkjeleg tradisjon ofte hatt ei noko enkel tilnærming. Anten så trur vi eller så trur vi ikkje, og ferdig med det. Eller? Nei, det er ikkje så enkelt.

Teologen James Fowler overførte Eriksson sin stadie-tenking på gudstru, og viste at også på dette området går utviklinga via kriser.

Kva skjer når den enkle tillitsfulle barnetrua møter vaksenlivet sine realitetar og dilemma? Ofte stoppar trus-utviklinga der, og Gud vert lagt på hylla ilag med søndagsskulen. Fowler meiner at det er nødvendig å protestere og stille spørsmål. Det er nødvendig å vrake mykje av det barnslege for å nå fram til ei vaksnare, moden tru. Denne trua er kjenneteikna av rausheit, vidsyn og kan halde fast fleire ulike perspektiv samstundes. Då kan plutseleg det ein lærte som liten få ei ny og større tyding.

Gud kan bety noko for oss og vere nær sjølv om ein er midt i fare

Ein ven som hadde opplevd vonde ting sa at han ikkje klarte å synge songen «Ingen er så trygg i fare som Guds lille barneskare». For Gud hadde jo ikkje klart å halde meg borte frå fare, sa han. Men etter ei lang stund såg han annleis på dette. Inga gudstru kan ta bort alle farer i eit liv. Men Gud kan bety noko for oss og vere nær sjølv om ein er midt i fare. Då fekk salmen ein ny klang.

I dagens bibeltekst fortel Jesus om nokon som bygger huset på sand. Akkurat som i livet så rasar det i hop av og til. Men ut av krisa kjem ny livserfaring og ny kunnskap. Det viktige er at vi ikkje gir opp håpet om livsprosjektet og gudstrua. Og vi kan sjå at kanskje var det Gud sjølv som dreiv sitt byggeprosjekt med meg i det stille.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"