Openberringstida: Kven er Jesus?
Kyrkjeårstida vi er inne no heiter «openberringstida.» Utover etterjulsvinteren les kyrkja difor bibeltekstar som handlar om kven han er han som vart fødd i ein stall i Betlehem, han som vaks opp i Nasaret. Kven er Jesus, kva seier han og kva gjer han, korleis viser Jesus kven og korleis Gud er?
Nokre av tekstane vi les, handlar om under eller teikn som Jesus gjer. Slik er det denne søndagen, der vi les om ei kvinne som vert lækt av Jesus på ein sabbat.
Når vi les slike tekstar som dette, kan vi kanskje lett stoppe opp ved spørsmål som «kan slike under verkeleg skje» eller «kva betyr det når det står at kvinna var plaga av ei sjukdomsånd»? Det er vel ikkje så rart; under hender sjølvsagt vanlegvis ikkje, og tanken om at sjukdom kjem av ei ånd er ikkje ein del av måten dei fleste av oss ser på verda og tilveret.
Helse er ein heilskap og ein samanheng!
Men om vi berre stoppar ved desse spørsmåla, og ikkje kjem lenger, er det ei side ved Jesus sine under som lett kan gå under radaren: Når Jesus gjer eit menneske frisk, skjer det samstundes noko med dette mennesket sin plass i fellesskapen. Når Jesus lækjer, gjer han det ofte mogleg for dette mennesket å på nytt finne ein stad å høyre til. Helse er ein heilskap og ein samanheng!
Kvinna vi møter i teksten denne søndag har ei plage som gjer at ho ikkje kan rette seg opp. Vi får vite at ho har gått krokrygga i 18 år. Dette har hindra henne i mange ting, også i den sosiale deltakinga; i å vere med og verte rekna med og kunne bidra med sitt!
Jesus gjev kvinna denne moglegheita, på nytt: Ho får rette ryggen, og kan sjå andre andlet til andlet. Ho kan delta igjen! Kvar gong noko slikt skjer, då og no, er det Guds rike som veks fram!
På sabbaten?!
Nokre murrar over timinga, over at dette måtte skje akkurat på ein sabbat. Dei får svar på tiltale av Jesus, for sabbaten var aldri meint å vere eit hinder for at menneske kunne få rette seg opp og glede seg saman med dei andre!
For det er det ho gjer: Rettar seg opp og lovar Gud. Og det gjer dei andre som er samla der på sabbaten også: Gledar seg over alt det underfulle Jesus gjorde. Gledar seg over henne som igjen fekk rette ryggen, lyfte andletet og delta. Gledar seg over at Gud er nær i alt det gode Jesus seier og gjer!