Kandidatar soknerådsvalet

Her finn du litt informasjon om kvar av kandidatane til soknerådsvalet:

Kandidatar soknerådsvalet

 

  • Namn, alder, yrke?
  • Offentlege og andre verv?
  • Kva funksjon vil du at kyrkja skal ha i kommunen vår?
  • Kva saker/arbeidsoppgåver vil du at soknerådet skal prioritera dei komande fire åra?

 

 

 

  • Per Nordstrand, 60 år, politimann/gammal lensmann.
  • Leiar Austevoll sokneråd.
  • Eg ynskjer at kyrkja skal vera ein stad der folk kan komma både i gode og tunge dagar. Ein stad der ein kan få komma med spørsmål og tankar om livet og evigheten, og ein stad der ein kan komma for å få eit møte med ein levande Gud. Eg trur det er viktig at kyrkja er ein del av kvardagen til folk, like mykje som ved høgtider eller spesielle høve.
  • Det er viktig å syta for at dei daglege gjeremåla vert handterte, at gravplassane er fine, at kyrkjene er godt vedlikehaldne, og at dei tilsette har gode arbeidsvilkår. Men det aller viktigaste kyrkja skal driva med er å gjera Jesus kjend og kjær for alle, liten og stor, enten det skjer i gudstenester, konfirmantarbeid, ulikt barnearbeid, eller på eldretreffa. Jesu og Bibelens bodskap om nåde og tilgjeving er så sterkt, og det set menneske i fridom. Dette må vi klara å formidla enkelt og tydeleg.

 

  • Eivind Hatlevik, 66 år, pensjonist.
  • Soknerådsmedlem.
  • Kyrkja skal vera open og inkluderande. Ta del i den lokale samfunnsdebatten og tydeleggjera kyrkja sitt syn i sakene.
  • Kyrkja skal vidareføra arbeidet med dei eldre i soknet. Me må arbeide for å tilretteleggja slik at dei unge og barna vil delta i det kristlege fellesskapet.

 

 

  • Hilde Elisabeth Klepsvik, 47 år, sjukepleiar.
  • Var med i soknerådet førre periode, og har dei siste åra vore leiar i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Eg ynskjer at kyrkja skal bli ein naturleg og inkluderande samlingsplass for alle i kommunen.
  • Eg vil at me skal arbeida for videreføring og nytenking i barne og ungdomsarbeidet. Eg vil og arbeide for å få opne kyrkjer, slik at dei kan bli ein plass der folk kan komma for å slå av ein prat om dei føler for det. Det er og viktig for meg at alle i samfunnet blir inkludert på lik måte i kyrkja.

 

 

  • Rolf Tore Hellesøy, 42 år, skipper.
  • Lokallagsleder Austevoll KrF, vara til kommunestyre, styremedlem ASV.
  • Eg ynskjer ei synleg kyrkje med aktivitetar for alle aldrar. Kyrkja bør vera ein plass der familiar og unge føler seg heime.
  • Arbeidet blant barn og unge må styrkast. Det må jobbast for å få på plass eit menighetshus.

 

 

  • Hans Reidar Njåstad, 70 år, pensjonist, reiar.
  • Ingen offentlege verv.
  • Meiner at kyrkja må vera eit samlingspunkt for alle.
  • Eg ynskjer at soknerådet dei neste fire åra skal prioritera arbeid med vedlikehald og økonomiutval.

 

 

  • Randi Lise Brekkhus Storebø, 62 år, hjelpepleier i heimesjukepleien.
  • Ingen
  • Helda fast på trua og religionen, men ikkje vera redd for å fornya oss litt. Ynskjer at kyrkja skal vera ein attraktiv stad for barn og unge.
  • Fornya det som er i kyrkja, for å få med dei unge. Tenka litt nytt, henta inn folk med nye idear som kan delta i gudtenestene, som kan fengja ungdommen. Framleis helda fokus på trusopplæringsarbeidet.

 

 

  • Anne Marie Halstensen, 48 år, kontormedarbeidar på Austevoll kraftlag SA.
  • Nestleiar i Austevoll FrP.
  • Funksjonar eg vil at kyrkja vår skal ha er ganske enkelt at den skal vera open for alle. Den skal vera inkluderande og alle skal føla seg velkommen. Den må også fylgja med i tida og prøva å formidla på ein lett og enkel måte.
  • No har vi eit fantastisk flott apparat med gode folk som gjer ein super innsats på trusopplæringsdelen, og vi må ta vare på dei. Eg synest at austevollkyrkja er veldig god på arbeid med barn og unge, så det gjeld å fortsetja det gode arbeidet. Samt gjere kyrkja i Austevoll til å framleis vera ein god plass å vera slik at alle som ynskjer det kan koma å få ein pause og ein prat om dei vil. Vil ha ei folkeleg kyrkje som tek vare på barn og unge.

 

 

  • Hans Magnus Drønen, 68 år, Reiar.
  • Styreformann Staaløy as.
  • Eg ynskjer at kyrkja skal vera ein stad der alle skal føla seg heime, ein stad både for barn, unge og gamle.
  • Det er barn og unge som er framtida vår, dei må me ta vare på. Barne- og ungdomsarbeidet håpar eg vert prioritert høgt.

 

 

 

  • Inger Anne Mortvedt, 63 år, pensjonist. Tidlegare arbeidd i kommunen i 38 år.
  • Med i styret i Eufonia, opplæringsansvarleg i Fagforbundet Austevoll og sist periode varamedlem i soknerådet.
  • Eg ynskjer ei open og inkluderande kyrkje for alle.
  • Eg meiner arbeid for barn og unge er viktig. Aktivitetane som allereie er i gong synest eg skal vidareførast. Alfakurs er også noko eg meiner er eit flott tiltak som må vidareførast.

 

 

 

  • Daniel Torsvik, 71 år, pensjonist.
  • Ingen verv.
  • Ynskjer at kyrkja skal vera som i dag, men kanskje med meir fokus på barn og ungdom, og dei eldre.
  • Eg vil at soknerådet skal jobba med alfakurs for unge og eldre, og prioritera høgt arbeide for barn og ungdom, og ikkje gløyma dei eldre. Elles må vi prøva å visa alle i Austevoll vegen til himmelen.

 

 

 

  • Mons Olav Økland, 62 år, gått av med AFP.
  • Med i styret i Fagforbundet, med i julespelet 2020.
  • Vera ei open kyrkje for folk flest
  • Ta vare på kyrkjene og kyrkjegardane, drive aktivitet for ungdom, opplæring for barn og ungdom.

 

 

 

  • Kari Mathisen, 74 år, pensjonist.
  • Varamedlem i eldrerådet. Frivillig i kyrkja.
  • Eg er oppteken av at kyrkja skal vera for alle.
  • Me må ta vare på kyrkjene og kyrkjegardane på ein god måte. Ha ei tydeleg open og god kyrkje som alle vert glad i. Ynskjer at kyrkja skal vera enda meir inkluderande, og verta ein større og naturleg del av kvardagen til austevollingane.

 

 

 

  • Hans Halstensen, 71 år, nettopp vorten pensjonist.
  • Ingen.
  • Ynskjer at kyrkja på ein god måte skal ivareta våre kristne tradisjonar.
  • Soknerådet må fortsetja det gode barne- og ungdomsarbeidet. Passa på at kyrkja og gravplassane er representative.

 

 

  • Edvard Johannes Stangeland, 72 år, pensjonert fiskar.
  • Tidlegare varaordførar, styreleiar Stolmen industriar, og medlem i fleire styrer.
  • Ei open og samlande kyrkje for innbyggjarane i kommunen vår.
  • Eit variert og levande gudstenesteliv. Arbeida vidare med utviding av kyrkjegardane, og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar.

 

 

 

  • Lars Knut Aarland, 59 år, byggmester.
  • Vararepresentant i kommunestyret, medlem i Stolmen vel.
  • Ivareta tradisjonelle funksjonar/oppgåver kyrkja har hatt, og at bygga må kunna nyttast som kulturbygg når bodskapen er foreinleg med dei kristne grunnprinsippa.
  • Ynskjer at soknerådet skal prioritera arbeid med aktivitet i kyrkjene, inkludering av dei minste kyrkjene, vedlikehald av bygga. Meir satsing på kulturkyrkjelege aktivitetar.

 

 

  • Arne Kalve Klepsvik, 72 år, pensjonist, maskinsjef på ferja.
  • Ingen.
  • Kyrkja skal vera eit samlingspunkt i lokalsamfunnet.
  • soknerådet skal syta for gode arbeidsforhold for dei tilsette i kyrkja, slik at dei kan fortsetja det gode arbeidet med barn og ungdom i kommunen vår. Syta for at kyrkjene og gravplassane er velhaldne. Dei må og syta for at så mange som mulig, men spesielt barn og unge, får ei god trusopplæring.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Austevoll Sokneråd

Prestanesvegen41

5392 Storebø

Åpningstider: 08.00-15.00

Personalet kan i perioder være ute i oppdrag.

Tlf: 55082600

mailadr: austevoll.kyrkjekontor@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"