Årets fagdag fekk besøk av Geir Hartvigsen og Mads Gilbert. Hartvigsen er dagleg leiar av Hartvigsen Begravelsesbyrå, og vil dele av si erfaring og kunnskap om menneske i sorg. Mads Gilbert hadde foredrag og gruppearbeid under tittelen «Hvordan kan vi ivareta oss selv, kolleger - og etterlatte - i møte med tap og sorg?». Gilbert er prisbelønt forfattar, solidaritetsaktivist og gjennom 40 år overlege og prof.em.dr.med. ved Akuttmedisinsk klinikk på Universitetssjukehuset Nord-Norge. Han har blant anna arbeida for betre organisering av psykososial støtte til dei som vert råka av traumatiske kriser og død.
Også Tromsø Røde Kors var med på fagdagen for å halde førstehjelpskurs.
- Dette har vore innhaldsrike og inspirerande fagdagar, seier områdeleiar i BKF, Berit Bakke, som reiste saman med sju kyrkjetenarar/gravplassarbeidarar frå Bergen.