Velkommen på NRK-gudsteneste i Arna

Har du lyst å bli med og fylle Arna kyrkje på søndag 5.mai? Gudstenestene blir overført til tv og radio. Musikken og kantoren er verd turen! meiner prest Gina Marie Reisæter-Thu. Det blir kyrkjekaffi og godt fellesskap.

Velkommen på NRK-gudsteneste i Arna
Søndag 5. mai kl. 11 blir det temagudsteneste med nattverd i Arna kyrkje. Alle er velkommen, og må møte seinast kl.10.45, sidan gudstenesta blir overført direkte på NRK P1+, NRK TV og NRK1.

Gode refleksjonar og dyktige musikarar

Øystein Skauge (pensjonert prost) er vikarierande prest, og har ei samtalepreike med Berit Ljones. Ho har mange erfaringar og gode refleksjonar knytta til dagens tema - nemleg bøn.
 
Kantor Olav Arne Steinkopf har med seg dyktige musikarar som leier salmesongen.  Sigurd Steinkopf er med på trommer, og Øystein Høynes spelar bass. Marius Dale Romslo, Julie Kristiansen, Victoria Hop og Cathrine Snipsøyr er forsongarar.
 
- Vi håpar også at du kjem og syng med frå kyrkjebenkane. Fleire kyrkjer har konfirmasjonsgudstenester denne dagen, og har du ikkje ein konfirmant du skal fylgja, er du særleg velkomen til å reise til Arna og vere med i vårt fellesskap i Arna kyrkje denne dagen, fortel prest i Arna, Gina Marie Reisæter-Thu. 

Gler seg alltid til fellesskapet i Arna

Presten skal ikkje medverke på denne søndagen, men fortel at dei har jobba med detaljer og finpussing den siste veka.

- NRK-gudsteneste i Arna er spennande og kjekt. Vi gjer mykje av det same som vi elles plar å gjera i løpet av eit år med gudstenester. Og difor trur vi at det vi har og gjer er godt nok til å dela med andre. Det er alltid ein god gjeng som er med å laga til gudstenesta, av frivillige og ansatte, fortel Reisæter-Thu.

Ho gler seg alltid til gudstenestene og fellesskapet i kyrkja.

-Det å møtast ein time i veka å syngja, lese og be saman er noko som gjer meg godt.

Musikken er verd turen!

Ho oppfordrer alle til å ta turen til Arna denne søndagen.

- Kyrkja er nydeleg og god å vera i. Musikken (og kantoren vår) er verdt turen. Fellesskapet og kyrkjelyden er imøtekommande og kjekke å vera saman med. Kyrkjekaffien i etterkant er utvida og gode frivillige som ordnar til. Eg har eigentleg vanskeleg for å sjå grunnar til å ikkje koma!

Det er også mogleg å koma sjølv om ein ikkje ynskjer å bli vist på skjermen.

- Viss ein ikkje ynskjer å koma på TV, finns der også stadar ein kan sitja utan at ein syns noko særleg. Så her er alle velkomen!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"