Sunnivafestivalen 4. - 8. september

Den 7. september er det 850 år sidan levningane av den irsk-fødde helgenen St. Sunniva blei overført frå Selja til Bergen. Legenda om Sunniva har sett tydelege spor etter seg, og som ein del av Bergen by sitt 950 års-jubileum, blir det Sunnivafestival 4. - 8. september.

Sunniva ©Mary Lorraine McHugh 2018

Program

(Sjå også lenke til brosjyre med program nedst på denne sida)

Fredag 4. september

14.00: Boklansering og seminar, Bryggens Museum
«Sankta Sunniva – den irske vernaren av Vestlandet og
Noreg 1170 – 2020». Arr.: Universitetet i Bergen, Mellomalderklynga.
Gratis. Plass må tingast på førehand. hoopla.no (blir lagt ut seinare)

19.00: Arven frå Vest - Konsert i Johanneskirken.
Musikalsk samspel Irland – Noreg, med Sankta Sunniva som inspirasjon. Med: Helene Bøksle, songar, Tove Kragset, musikalsk leiar; Neil Martin, sekkepipe m.m.; Lynda O’Connor, fiolin; Torbjørn Økland, gitar; Tarjei Nysted, div. instrument; Ragnhild Margrete Gudbrandsen, skodespelar, Sankta Sunniva kammerkor, kantor Eivind Berg, Birgit Amalie Nilssen, regissør.
Arr.: Bjørgvin bispedøme i samarbeid med Bergen domkirke menighet Bill. kr 280,-. Til sals, berre på nett: TicketCo.no

Laurdag 5. september

11.00 - 14.00: Finn Sunniva i Jubileumsbyen.
Orienteringsløype for familiar. Start på Kristkyrkjetomta, mål på Torgutstikkeren. Arr.: Bergen domkirke menighet, Bjørgvin bispedøme, Universitetsmuséet i Bergen. Bill. kr. 0/50/200 (for familiar med 2 barn+) Heiter du Sunniva, går du gratis. Til sals, berre på nett: TicketCo.no

14.00: Ankomst båtkortesje med Sunnivaskrinet frå Selja
Torgutstikkeren: Prosesjon til Kristkyrkjetomta. Songarar frå Bergen domkirkes jentekor. Arr.: Stad kommune/Selje regionale pilegrimssenter, kystkultur.no, Kystlaga frå Selje til Bergen

15.00: Opningsmarkering på Kristkyrkjetomta
Bergen regionale pilegrimssenter opnar.
Arr.: Bergen kommune/Bymuséet i Bergen

15.00 – 18.00: Mariakirken er open
Gratis. Plass må tingast på førehand: hoopla.no (blir lagt ut seinare)

19.30: Musikk frå St. Sunniva si tid og fram til vår.  Bergen domkirke.
Gregoriansk tradisjon møter ny musikk av Birgit Djupedal, Ørjan Matre og David Basden. Med Schola Sanctae Sunnivae og Bergen Domkor, dir. Anne
Kleivset, domkantor Kjetil Almenning, kantor Eivind Berg
18.30: Før konserten - Laudato si - Om troen, håpet og omsorgen for vårt felles hjem.
Biskopane Halvor Nordhaug og Herborg Finnset, Ingrid Rosendorf Joys, leiar for STL i Norge, samtaler. Skodespelar Ragnhild Margrete Gudbrandsen les Sunniva-legenda.
Arr.: Bergen Domkor/Bjørgvin bispedøme
Bill. kr 230,-. Til sals, berre på nett. TicketCo.no


Søndag 6. september

11.00: Økumenisk jubileumsgudstjeneste. Bergen domkirke.
Biskop Halvor Nordhaug og biskop Herborg Finnset, domprost Gudmund Waaler med gjester. Bergen Domkor og Schola Sanctae Sunnivae. Kirkekaffe.
Vertskap: Bjørgvin bispedøme/Bergen domkirke menighet

Mandag 7. september

Sunnivafeiring: 850 år sidan translasjonen frå Selja til Bergen

11.00: Translatio Sunniva 850 år
Jubileumsmesse i St. Paul kirke. Pontifikalmesse. Biskop
Bernt og sokneprest Dom Alois med gjester. Kirkekaffe.
Vertskap: St. Paul katolske menighet
Etterfulgt av fellesvandring til Kristkyrkjetomta

14.00: Økumenisk samling
Kristkyrkjetomta

18.00 - 21.00: Sunnivafeiring - Jubileumsseminar
Bryggens museum/Auditoriet
• «Irish Medieval Sacred Journey Women». St Sunniva and her sisters. Biletspel. Portrett av kvinnelege helgenar frå Irland og Noreg. Mary Lorraine McHugh m. fl. Aashild Grana, kurator og Alf Tore Hommedal, mellomalderarkeolog.
• Helgener og hellige Sunniva i Den ortodokse kirke
Fader Theodor Svane, Den ortodokse kyrkja
• «Sankta Sunniva – den irske vernaren av Vestlandet og Noreg 1170 – 2020».
Den nye Sunnivaboken – populærvitskapelege framlegg
1. Kvifor translasjon? Førsteamanuensis Alf Tore Hommedal
2. Tilblivelsen av legenda. Professor Alexander O’Hara
3. Sunniva-feiring i middelalderen. Professor Åslaug Ommundsen
Virtuelt besøk i Kristkirken
Mellomalderklynga, UiB, Åslaug Ommundsen
Arr.: Bjørgvin bispedøme i samarbeid UiB – Mellomaldeklynga,
Universitetsmuséet i Bergen, Bymuséet i Bergen og Den Kgl. Norske ambassade i Irland. Bill. kr. 200,- for heile programmet.Til sals, berre på nett: TicketCo.no  (Blir lagt ut seinare)


Tysdag 8. september

Sunnivasamtalen. Føredrag og samtalar på Bryggens museum kl. 14 - 20
• Føredrag: Kvinner i oppbrot og teneste

Eit samarbeid med Universitetet i Bergen, St. Paul katolske menighet og STL Bergen.
Bill. Kr 200,-. Til sals berre på nett. TicketCo.no (blir lagt ut seinare)

Kystpilegrims-seglas med Sunnivaskrinet frå Selje til Bergen

Frå 28. august til 5. september vert det seglas med historiske farkostar langs Kystpilegrimsleia for å markera at det i år er 850 år sidan flyttinga av St. Sunniva sine levningar frå Selja til Bergen.

Følg ferda på: www.sunnivaseglas.no


Om Sunnivafestivalen

I år er det 950 år sidan Bergen by vart grunnlagd, og 7. september er det 850 år sidan levningane av den irsk-fødde helgenen St. Sunniva blei overført
frå Selja til Bergen.

I høve desse jubilea har det vakse fram eit nettverk av samarbeidsprosjekt mellom ulike menneske og miljø, oppløfta av framveksten av pilegrimsrørsla,
rørte av og begeistra for legenda om St. Sunniva – kongsdottera frå Irland – neppe fødd, men likevel så levande!

Sunnivafestivalen
BERGEN, 4. - 8. SEPTEMBER 2020
Festivalen vert arrangert i samarbeid med Universitetsmuséet og Mellomalderklynga ved UiB, Den Kgl. Norske ambassade i Irland,
Bergen domkyrkje menighet, Bergen Domkor, Bergen kommune, Stad kommune, Stad regionale pilegrimssenter, Bymuseet i Bergen/
Museum Vest, Bergen regionale pilegrimssenter, kystkultur.no, Bergen kystkultursenter. Sunnivafestivalen er støtta av Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Trondheim kommune, H. Westfal-Larsen og
hustru Anna Westfal-Larsens Allmennyttige fond, Bergen Riksmålsforenings Fond og Bergen kirkelige fellesråd

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"