Me ønsker at alle barn skal få med seg vesentlege bibelhistoriar og temaer som er grunnleggande i livet og i den kristne trua. Derfor har me et systematisk forløp som strekker seg fra 2-åringer til 15-åringer kor me har arrangement for nesten alle årstrinn.
Tilknytta kvar bokutlevering (2-års bok, 4-års bok, 6-års bok og Bibelen som barna får utlevert i 6.klasse) har me samlingar i etterkant som spelar på tema i bøkene. Me anbefaler foreldre og fadrar til å samtale med barna om innholdet i bøkene.
Barna skal få oppleve kyrkjerommet, gudstenesten og vår kristne kulturarv på ulike måtar og frå ulike perspektiv. Men mest av alt ønsker me å formidle tru på ein slik måte at barna får eit ankerfeste for livet!
Alle som er oppført i kyrkja sitt medlemsregister får invitasjonar i posten til dei forskjellige samlingane.
Om du ikkje er medlem er du likevel velkomen til å delta!
Du finn oss også på Facebook.