Hausten 2021 starta vi opp med eit nytt konsept i samarbeid med Bjerkreim Bedehus og Vikeså Misjonshus som vi kallar «Connect». Målgruppa for dette er dei som tidligare har fått tilbud om Kode B (bibelvandringskurs), men som ønskjer å gå vidare i bibelgrupper. Gruppene er på ca 5-7 stk og samlast ei gong i månaden heime hos ein gruppeleder. Der får vi litt kveldsmat, høyrer ein bibeltekst, pratar litt og tøysar litt 🙂