Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kvam kyrkje

 

Den fyrste kyrkja vi veit om i Kvam var den gamle stavkyrkja ved Vik. Ho er omtale i stiftsboka 1574-77, men det er ikkje kjend når ho vart bygd. Etter kvart vart ho for lita for folketalet, og ein meiner ho vart rivi i 1776 eller noko seinare. Ved sida av nokre stokkar og ei dør er det berre gravsteinen til Georg Sinclair som finst att av synlege minne om kyrkja ved Vik.
I åra 1775-77 vart det timra ei ny kyrkje i Kvam ca. 1,5 km lenger nord. Under krigshandlingane 26. april 1940 brann denne ned. Det som finst att nå er den minste kyrkjeklokka, det smidde spiret og ei inngangsdør.
Den nye kyrkja som vart bygd etter krigen på tufta av den gamle, sto ferdig i 1952. Ho vart vigsla 12. oktober. Arkitekten var Magnus Poulsson. Byggmeister var Anders Haverstad.

 Edvard Bakkom frå Lalm skar biletskurden i altartavla og dei andre skulpturane.
Mathias Fjerdingren og Anders Johnsgard frå Heidal skar preikestolen og all utskurd elles. Takmålinga over midtskipet er av Arve Hagen frå Tretten, medan Magnus Poulsson måla akantusutsmykkinga ved trappeoppgangane til galleria. Målararbeidet ellers vart gjort av Karl Krog frå Oslo og Trygve Slåen frå Kvam.
Smiarbeidet både på dørene og spiret vart gjort av Sigurd Kloppen frå Sjoa. Dei to kyrkjeklokkene er støypte av Olsen Nauen.

Kvam kyrkje har plass til 450 kyrkjefolk

 

Kontaktinformasjon for Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Postadresse:

Nedregt. 50, 2640 Vinstra

Beøksadresse:

Øvregata 39, 2640 Vinstra

Telefon:

61216290

E-post:

kyrkja@nord-fron.kommune.no 

Kontortid: 09.00-15.00 (man-fre)