Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kvikne kyrkje

 

Kvikne kyrkje vart bygd i 1763-64 på garden Sylte, der det har vore 2 kyrkjer før. Den fyrste var antageleg ei stavkyrkje og den andre var ei langkyrkje. Byggmeister i 1763 var Per (Peder) Jehansen Korpberget (1726-1802) frå Kvikne, han vart til dagleg kalla ”Korpen”. Han hadde med seg Tord Risdal frå Skåbu og fleire andre. Iver Sætermoen frå Skåbu sto for smiarbeidet. Det innvendige arbeidet så som altertavle, preikestol og korbogen vart utførd av Estin (Østen) Guttormsen Kjørn (1723-1805) frå Heidal, til dagleg kalla ”Kjørrin”. Krusifikset er laga av Kristen Listad som var klokkar der ei stund. 

Under ”Ofsen” i 1789 vart kyrkja skadd av jordras, så i 1790 vart ho fløtt til garden Tone der ho nå står. Den som sto for flyttinga var Jehans Pedersen Korpberget (1753-1822) son til Per J. Korpberget. Med på flyttinga var også faren Per J. Korpberget, Tord Risdal, Jehans Thorsen Kvålsøyen og fleire andre. Benkene vart måla av Ragnvald Einbu i 1922. I 1949-50 laga han lyskrone og det er også han som har laga lampettane og talltavlene. Døypefont, kyrkjekiste og brurestoler frå middelalderen. Veggbilder frå 1643, 1725, 1735 og 1802.

 

Kontaktinformasjon for Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Postadresse:

Nedregt. 50, 2640 Vinstra

Beøksadresse:

Øvregata 39, 2640 Vinstra

Telefon:

61216290

E-post:

kyrkja@nord-fron.kommune.no 

Kontortid: 09.00-15.00 (man-fre)