Sødorp kyrkje

Sødorp kyrkje er ei kross-kyrkje frå 1752. Byggverket er av tømmer og har 300 plassar. Den vart bygd som soknekyrkje for Sødorp anneks i Fron prestegjeld, og ble først i 1864 hovudkyrkje i Nord-Fron prestegjeld. Kyrkja stod før 1910 på Sødorp, sør på Vinstra.

Sødorp kyrkje sommeren 2024

Som dei fleste kyrkjer har og Sødorp kyrkje vore rehabilitert. I april 2023 starta arbeid med å restaurere taket til kyrkja. Arbeidet vart ferdig i november. Dei «små tårna» eller fjaler, som dei kallast, har fått ei ny kobbar-kledd fasade etter arbeidet med taket, og kjem fram på biletet frå 2024.

Mykje av inventaret er laga av Kristen Listad i 1762–65. Det gjeld altertavle og preikestol, korbue, krusifiks og relieff-figurar av Peter og Sakkeus på to av dørene. Klebersteins-døypefonten er frå mellomalderen.

Det har vore utført arbeid på kyrkja før 2023. Og 1960-61, 80- og 90-talet vart det gjort ymse utbetringar. Blant anna var det setningsskader på kyrkja grunna belastninga frå kyrkjeklokkene. På 90-talet vart det difor sat ein klokkestøpul ved sida av kyrkja der klokkene vart flytta. Dette tiltaket gjorde det mogleg å rette opp at kyrkja (Ruset referert i Ottesen, 2002, s. 43). Innvendige oppgraderingar har og vore nødvendig. Kyrkja fekk blant anna digitalorgel på 2000-talet.

Mykje meir kan seiast om Sødorp kyrkje. I heftet Sødorp kyrkje 1752 -2002 utgjeve av Sødorp sokneråd er ei meir historisk oversikt supplert med utdjupande fakta. Og på Norske-kirker.net er ein meir samanfattande tekst om historia før og rundt Sødorp kyrkje. Denne kan du lese her. Dei nyaste hendingane knytt til arbeid på kyrkja frå dei siste åra kan lesast om i avisa Dølen (lenker på denne sida).

Kjelder:

Ottesen, P. (2002). Sødorp kyrkje 1752-2002. Nord-Fron: Sødorp sokneråd

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"