Høyring ny forskrift om gravplassvedtekter for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Storfjorden kyrkjelege fellesråd har hatt behov for å fornye gjeldande gravplassvedtekter pr. 2017, sidan fellesrådet endra virkeområde til å gjelde kun Fjord og Stranda kommunar frå 01.01.2020.

Forslaget inneheld nokre endringar i tråd med oppdateringar i Gravferdslova pr. 01.01.2021, og følger mal utarbeida av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Departementet har i rundskriv Q-05/2022 sagt at tittelen på vedtekter skal vere "Forskrift om gravplassvedtekter, [kommunenavn] kommune, [fylkesnavn]".

Etter § 37 skal forvaltningsorganet sørge for at saka er så godt opplyst som mogleg før forskriftq vedtakast.

Difor har Storfjorden kyrkjelege fellesråd vedteke å legge ut forslag til Forskrift om gravplassvedtekter for Storfjorden kyrkjelege fellesråd ut på høyring til kommunane, sokneråda og for alle dei vedkjem via nettsida.

Lokal gravplassmyndighet fastsetter vedtekter for gravplassane i kommuna. Lokal gravplassmyndighet i kommunane Fjord og Stranda er Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Vedtektene er forskrifter og omtalast formelt sett som forskrift om gravplassvedtekter. Etter at fellesrådet har fastsatt gravplassvedtektene skal disse godkjennast av Statsforvalteren i Vestfold og Telemark. Vedtekter kan først tre i kraft etter godkjenning og rett kunngjering

Fjord og Stranda kommunar har tilsaman 10 kyrkjegardar, der den ved Rosekyrkja er verna. Fredingstida for graver varierer mellom kyrkjegardane fordi nedbrytingsforholda er ulike. Det er nødvendig at forslaget på fredingstid fyljast. Regulering om minnelundar gjeld frå det tidspunktet vi har etablert ein minnelund. Dette er under arbeid ved fleire gravplassar.

Har du spørsmål eller forslag til endringar i Forskrifta, så send det på epost til Storfjorden kyrkjelege fellesråd på e-post: post.storfjorden@kyrkja.no innan 20. august 2022.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"