Påmelding til julaftangudstenestar i Norddal kyrkje og Sylte kyrkje

Det vert julaftangudsteneste i Norddal kyrkje kl.14.00 og i Sylte kyrkje kl.15.45.

Påmelding til julaftangudstenestar i Norddal kyrkje og Sylte kyrkje

Jula i år vert spesiell på mange forskjellege måtar pga. pandemien, og i kyrkja har vi diverre ei maks grense på 50 personar på gudstenestene.

Påmelding

Vi oppfordrar alle som har tenkt seg på gudsteneste på julaftan om å melde seg på på førehand.

Vi er pålagt å føre liste over gudstenestedeltakarar og ved påmelding registrerer du namn, epost og mobil nr. Det er viktig at du stadfestar påmeldinga ved å krysse av i personvernerklæringa under påmeldingsboksen. Her oppgir du også namn og e-postadresse. Du vil då ved avslutning motta ei stadfesting som inneheld ei lenke for å endre/angre påmeldinga di.

Informasjonen vert automatisk sletta 14 dagar etter gudstenesta.

 

Påmelding via link under:

Påmelding til julaftangudsteneste i Norddal kyrkje kl.14.00

Påmelding til julaftangudsteneste i Sylte kyrkje kl.15.45

 

Påmelding via telefon

Du kan også melde deg på via telefon på 40 44 15 22 eller 40 44 15 23

Avmelding

Viss du blir forhindra frå å delta på gudstenesta kan du melde deg av via lenke for å endre/angre påmeldinga di i eposten som du fikk tilsendt ved påmeldinga. Eller du kan gi oss beskjed på epost: post.storfjorden@kyrkja.no eller telefon: 40 44 15 22 eller 40 44 15 23, slik at vi kan frigjere din plass til nokon andre.

Velkomen til gudsteneste på julaftan!

 

 

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"