Slik har det vore og slik er det i alle bygdene våre. Vi får oppleve eit breitt spekter av musikk frå dei heilt unge og til dei profesjonelle, frå solistar og duoer til dei større gruppene med korps, kor og spelemannslag.
Først ute er Stordal torsdag 12. desember med Adventskonserten som i år vert arrangert av skulekorpset. Dei er sjølvsagt med på konserten, saman med Stordal hornmusikklag og Big Valley Voices, Kristina Malene Stavseng, Romain Vaudé og Stordal barnekor.
Stranda har valt laurdag 14.desember som "sin" dag. Med skulekorpset og kulturskulen i sentrum inviterer ein til ei stemningsfull ettermiddagssamling i kyrkja.
Også i Valldal er det skulekorpset som har ansvaret for julekonserten i Sylte kyrkje søndag 15.desember. Her får de også høyre Valldal hornmusikklag, Valldal spelemannslag, Big Valley Voices m.fl.
Same dag er det også konsert på Hellesylt, og "Sunnylvskatedralen" vert fyllt av høgtidstonar og kjende, kjære melodiar. Sunnylven skulekorps, damekoret Fryd og kulturskulen er viktige aktørar saman med lokale solistar.
Julekonserten i Norddal vert i år fredag 20.desember, med Eidsdal musikkorps, Valldal spelemannslag og Jårångskoret naturleg på plass. Av solistar kan vi nemne mellom andre Marion Dyrvik og Mariann Humberset Krohn, og vi lovar også fleire godbitar.
Geiranger er den siste i rekkja av julekonsertar. Laurdag 21.desember vil ei rekkje dyktige solistar og musikarar framføre både julefavorittane og nye, vakre julesongar. Og Jårångskoret er sjølvsagt med!
I tillegg til desse konsertane er det ei rekkje andre musikkopplevingar i kyrkjene, mellom anna er både Big Valley Voices og Kor Nøye mini-turnear for å dele julemusikken med oss.
Hjarteleg velkomne til stemningsfulle konsertar!