Kyrkjebyggansvarleg vil ha ansvar for vedlikehald og tilsyn med alle kyrkjer og driftsbygningar i fellesrådet sitt område, saman med kyrkjetenarar, andre tilsette og frivillige.
Hovudoppgåver:
- Ansvar for utarbeiding og oppfølging av vedlikehaldsplaner for kyrkjer og driftsbygningar
- I samarbeid med kyrkjeverja prosjektere vedlikehaldstiltak og investeringar i kyrkjer og driftsbygningar.
- I samarbeid med kyrkjetenarane føre nødvendig tilsyn og vedlikehald av teknisk anlegg, inventar og bygningar.
- Utføre praktisk vedlikehaldstiltak
- Utarbeide og følgje opp HMS tiltaka i kyrkjene, inklusiv brannvern.
- Hjelpe til med å gjennomføre dugnad i kyrkjene.
- Ved behov skal ein vere tilgjengeleg for andre oppgåver knytt til drift av kyrkjer og gravstader.
- Innrette seg etter endringer som måtte kome
Kvalifikasjonar:
- Snekkerkompetanse
- Byggfageg kompetanse
- Ha kunnskap om og kunne utføre vedlikehaldstiltak
- Kunne nytte dataverktøy for varmestyring o.a.
- Ha sertifikat og disponere bil
Personlege eigenskapar som:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Vere fleksibel og påregne andre oppgåver og endringar i organisasjonen.
- Positiv haldning til Den norske kyrkje.
Vi tilbyr:
- Løn etter tariffavtale
- Pensjons- og forsikringsordning i KLP
- Ein triveleg arbeidsplass med hyggelege folk.
Anna:
- Tilsettinga skjer med Storfjorden kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, og med sokna i Stranda og Fjord kommunar som arbeidsområde.
- Oppmøtestad: Stranda kyrkje
Søknadsfrist 16.09.21.
Kontaktperson:
Petra Riste Synnes, kyrkjeverje
Telefon:91519869
Epost:ps938@kyrkja.no