Stillingsstorleik: 10 % etter timeliste
Tidsrom:: 01.02.2019 – 31.01.2020
Arbeidsoppgåver:
- Gjere kyrkja klar til gudsteneste etter eigne rutiner for kyrkjetenarar.
- Kyrkjetenar under gudstenesta og møter minst 1 time før.
- Kyrkjetenar er brannvakt.
- Reinhald av kyrkja etter behov. Kyrkja skal alltid vere ryddig og klar for nye samlingar.
Arbeidsstad: Sunnylven kyrkje
Kvalifikasjonar:
Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/klokkarar. Faglig kompetanse er ikkje eit krav, men personleg eigna kvalifikasjonar vert vektlagt.
Løn etter tariff.
Spørsmål om stillinga stillast til kyrkjeverje Petra Riste Synnes på mobil 40441527,
eller til kyrkjekontoret i Sunnylven på mobil 40441523.
Søknad sendast pr. e-post til:
kyrkjeverje@storfjorden.kyrkja.no
Søknadsfrist: Snarleg og innan 15.02.2019