Ledige stillingar som kyrkjetenar

Storfjorden kyrkjelege fellesråd har ledige stilling som kyrkjetenar under gudstenester i Stranda kyrkje og Liabygda kyrkje.

Kyrkjetenar gjer teneste på søndagar og heilagdagar omlag anna kvar helg og i høgtider. Stillinga vert løna etter timeliste inntil ei 10 % stilling i året.

Vi søkjer etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb samtidig som litt ekstra inntekt.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere kyrkjetenar under gudstenester på søn-og helligdagar
  • Gjere kyrkja klar til gudstenesta etter eigne rutinar for kyrkjetenarar.
  • Vere brannvakt
  • Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov. Kyrkja skal alltid vere ryddig og klar for nye samlingar.
  • Arbeidet utførast etter faste rutinar.

Kvalifikasjonar:

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/klokkarar.
  • Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
  • Må vere medlem i Den norske kyrkja og kunne framlegge politiattest.

Vi tilbyr:

  • Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
  • Opplæring
  • Spesiell og meiningsfull arbeidsplass

 

Kontaktperson:Petra Riste Synnes

Stillingstittel:kyrkjeverje

Telefon:91519869

Epost:post.storfjorden@kyrkja.no

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"