Musikkgudstenester i Stranda og Geiranger kyrkjer

Velkomen til musikkgudstenester med rik, stor, vakker musikk skriven for å glede kyrkjelyden.

Det finst utruleg mykje god musikk skriven til gudstenesta, musikk som blir alt for sjeldan framført. Rik, stor, vakker musikk skriven for å glede kyrkjelyden. Denne søndagen har vi i Stranda og Geiranger kyrkjer med oss fiolinisten Øyvind Skatvedt Robak som skal framføre musikk av komponisten Joseph Gabriel Rheinberger saman med kantor Gunnar Inge Eide. Rheinberger sin musikk er kjenneteikna av vakre melodiar og harmoniar som fell lett i øyret.  I Geiranger har vi i tillegg med oss songaren Oddbjørg Solhaug i samspel med dei to. 

Øyvind Skatvedt RobakOddbjørg Solhaug

 

Øyvind er kjend i området etter fleire konsertar i kyrkjene her inne, både Stranda, Sykkylven, Hellesylt, Norddal, Stordal og Geiranger saman med mellom andre fløytist Evgenii Zhukov, og Carolin Eide på cembalo. Denne gongen er det altså fiolin og orgel, og musikk som er skriven for bruk kyrkjerommet. Den lichtenstein-ske komponisten Rheinberger har etterlete oss fleire samlingar med musikk for akkurat denne besetninga, og Robak og Eide har sett seg som mål å framføre all musikken Rheinberger har skrive for desse to instrumenta. Saman med andre musikarar vert det fram mot sommaren invitert til konsertar der dei framfører musikk av Rheinberger og samtidige komponistar, men denne gongen er det i gudstenesta vi får gle oss over den vakre musikken.

I Geiranger vert altså sopranen Oddbjørg Solhaug med, og vi får mellom anna høyre den vakre folketonen “Jesus, din søte forening å smake” i eit nydeleg arrangement for sopran, fiolin og orgel av domorganist Kåre Nordstoga, samt ein annan vakker folketone, frå Sauda, til Brorson-teksten “Jeg ser deg søde Lam å stå”. Denne siste er i arrangement av Ove Hetland. 

Kunstuttrykk er ein sentral del av det å vere kyrkje, det ser vi godt i all den vakre kyrkjekunsten som finst, og vi ser det ikkje minst i kyrkjemusikken: Frå den tidlege tid, via Bach, Mozart og fram til vår eiga tid er det utruleg mykje vakker musikk som har vorte skrive til gudstenestebruk. Orgel- og kormusikk sjølvsagt, men det er godt å kunne hente fram også den kyrkjelege kammermusikken. Johannes Nedrelid skal vere liturg i begge gudstenestene. Velkomne til kyrkja!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"