I samband med Olsokfeiringa i Valldal var det på søndag høve til å gå fellestur frå Sylte til Alstad langsmed pilegrimsleia. Når dei som hadde gått frå Sylte kom fram til Rem, sto sokneprest Morten Gravdal å venta saman med andre frå kyrkjelyden i Norddal og tilreisande frå andre kyrkjelydar i prostiet. Saman gjekk dei pilegrimsvandringa til Alstad. Langsmed vegen til Alstad stoppa fylgjet ved dei fire krossa som er utplassert langsmed vegen. Ved kvar korss las dei opp bibelord, bad bøner og song ein salme. Framme på Alstad venta enda fleire frå kyrkjelyden og prostiet for å ta del i friluftsgudstenesta som var ved sokneprest Morten Gravdal og verdsarvprest Morgan Berg. Musikken til gudstenesta sto dyktige lokale musikarar for.
Pilegrimsvandring og friluftsgudsteneste i Valldal
Pilegrimsvandring og friluftsgudsteneste på Alstad.