Storfjorden kyrkjelege fellesråd har ledige stillingar som kyrkjetenarar

Ledige stillingar som kyrkjetenar i Sunnylven kyrkje (15 %) kyrkjetenar i Stranda kyrkje (10%) og kyrkjetenar Geiranger kyrkje (5 %).

I Sunnylven kyrkje treng vi kyrkjetenar under alle kyrkjelege handlingar (gudstenster, gravferder og bryllup). I Stranda og Geiranger kyrkjer treng vi kyrkjetenar under gudstenester. Stillingsstorleik i høve antal gudstenester i året.

Ønskjer du ein meiningsfull jobb og litt ekstra inntekt, så er dette jobben for deg. Studentar / skuleelevar er velkomne til å søkje.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere kyrkjetenar under gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement i kyrkja.
  • Gjere kyrkja klar til kyrkjelege handlingar etter eigne rutinar for kyrkjetenarar.
  • Vere brannvakt
  • Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov. Kyrkja skal alltid vere ryddig og klar for nye samlingar.
  • Arbeidet utførast etter faste rutinar.

Kvalifikasjonar:

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/klokkarar.
  • Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, evne
    til å arbeide sjølvstendig, kunne samarbeide og å møte menneske i ulike livssituasjonar.
  • Må vere medlem i Den norske kyrkja og disponere eigen bil
  • Kunne framlegge politiattest.

Vi tilbyr: - Varierte oppgåver og gode arbeidstilhøve.

  • Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
  • Opplæring

 

Kontaktperson for stillingen

Kontaktperson: Petra Riste Synnes
Stillingstittel: kyrkjeverje
Telefon: 91519869
Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"