Vi søkjer etter trusopplærar i 70 % fast stilling

Oppstart så snart råd er etter 01.01.2021. Vi treng ein person som vil gå inn i trusopplæringa for born i alderen 0-13 år i alle sokna i fellesrådet sitt område.

Trusopplærar vil saman med kollegaer gå inn i trusopplæringsarbeidet i alle sokna i fellesrådet sitt område etter vedteken trusopplæringsplan. Dei fleste av tiltaka vert utførde i kyrkjer, kyrkjelydshus og bedehus, og i nært samarbeid med medarbeidarar og med sokneprest.

Stillinga er fleksibel og du får stor fridom til å planleggje arbeidstida di sjølv

 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Leie og gjennomføre ulike trusopplæringstiltak for aldersgruppa 0-13 år
  • I samarbeid med trusopplærar og frivillige i sokna vidareutvikle trusopplæringsarbeidet for alle i alderen 0-18 år.
  • I samarbeid med stab bidra inn i det øvrige kyrkjelydsarbeidet for born og unge.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan kyrkjelydspedagogikk ein fordel.
  • Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi, pedagogikk og med relevant praksis, vil også verte vurderte. Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og ungdom.
  • Erfaring med å bruke IT-verktøy og sosiale mediar i arbeidet
  • Den som vert tilsett, må framlegge tilfredsstillande politiattest etter Kyrkjelova § 29.
  • Du må vere medlem av Den norske kyrkje.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 

Personlege eigenskapar:

  • Hjarte for trusformidling til barn og unge
  • God formidlingsevne og ønske om å formidle bodskapen om Jesus til barn og unge
  • God evne til å planlegge og drifte ulike aktivitetar og tiltak
  • God relasjonsbygger
  • Kreativ og nyskapande
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og under leiing/ rettleiing i team

 

Vi tilbyr:

  • Ein god og triveleg arbeidsplass og samarbeid i team.
  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med høve til fagleg og personleg utvikling
  • Tilsetting etter formelle kvalifikasjonar i kyrkjeleg undervisningsstilling
  • Løn etter KAs tariffavtale, god pensjonsordning i KLP

 

Anna:

  • Tilsettinga skjer med Storfjorden kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, og med sokna i Stranda og Fjord kommunar som arbeidsområde.
  • Kontorstad Stranda kyrkjekontor.
  • Du må trivast med ein del kvelds- og helgejobbing, plusstid avspaserast etter avtale
  • Du kan verte pålagt av arbeidsgjevar å ta utdanning /kurs / fagleg oppdateringar om du manglar formell utdanning

Søknadsfrist:20.11.2020


Send søknad til: post.storfjorden@kyrkja.no


Kontaktperson: Petra Riste Synnes, Kyrkjeverje.

Telefon:91519869

Epost: ps938@kyrkja.no

 

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"