Preike på den 8. mars - Den internasjonale kvinnedagen

Ulstein kyrkje 2020 av Margit Lovise Holte, sokneprest i Ulstein

Velsigna.

Det heilage evangeliet står skrive i Matteus i det 15.kapitlet.

21 Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon. 22 Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» 23 Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.» 24 Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.»25 Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» 26 Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» 27 «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.» 28 Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda.

Motstand

Eit barn som er sjukt.
Det er få ting som mobilisere fleire krefter i oss en det.
Når det er noko med borna våre får vi kjempekrefter.
Det er noko med dotter til den kvinna vi las om.

Ho er desperat. Dotter hennar er sjuk og bli ikkje frisk. Kvinna har hørt at Jesus har gjort folk friske før. Det gjer henne så kampklar at ho vågar å bli sårbar. Bryte seg gjennom og gjer noko heilt uhørt.

Denne teksta er ikkje valgt til kvinnedagen, men høyrer til 2. søndag i faste.

Teksta er svært passande. Og upassande på same tid.

Idag skulle eg gjerne hatt ei av desse tekstene der Jesus løfta opp og fram kvinner slik han profetisk gjorde i si tid. For Jesus let ei kvinne salve seg, berørte og samtalte med kvinner, let dei vere i disippelkrinsen, oppstodevitner og dei fyrste evangelistar. Alt banebrytande, frigjerande og revolusjonerande.

Men det eg står her og skal utlegge er eit tekst der Jesus er uhøfleg, avvisande og ja, ganske kvinnediskriminerande. Disiplane seier – gjer deg ferdig med henne, ho ropar og bær seg. Dei anklager henne for hysteria, det har alltid vore kvinnerelatert. Hysteria er kvinnerelatert psykisk sjukdom heil fram til 1950, hysteria er gresk og betyr livmor. Men vi veit godt kva det er, det er den tilstanden der kvinner ikkje kan bli tatt alvorleg, ei kvinne som mister det, er hysterisk, ho mister all autoritet.

Jesus opptrer diskriminerande fordi han har nettopp hjulpe to menn; guten til ein romersk soldat. Men altså ikkje kvinna og dottera.

Jesu trampar også like godt rundt i ei etnisk konflikt for han bruker mot kvinna at ho ikkje har rett rase,  - hennar folkeslag har ikkje rett på hans merksemd og nærvær, fordi dei ikkje er jødar.

Uansett korleis vi vrir og vender på teksta så er det ikkje til å kome ifrå at kvinna vert offentleg audmjuka og skamma, - eller «shamea» som ungdommen no ville sagt det.

Bli skamma er ein heilt forferdelig situasjon for eitkvart menneske. Ein situasjon vi på alle måtar vil unngå, med mindre det er noko viktig som står på spel.

 

Kvinnedag med ei bibeltekst om ei kvinne som vert overhørt, psykologisert som hysterisk, skamma som kvinne og diskriminert fordi ho var utlending. Tolkingar på denne teksta er ulike. Nokre meiner at her viser Jesus si menneskelege side, han var mann i si tid. Eller han hadde ein dårleg dag. Vel, han var mann i si tid og hadde gode og dårlege dagar, men det som gjer at teksten vart nedskriven, var at fortellinga ikkje stoppar med avvisninga.

 

Nokre teologar tolkar Jesu avvisninga som om at Jesus ville sette kvinna på prøve. Den katolske teologen Bishop Barron løftar fram ei tolking der det som skjer i Bibelen gjenspeglar livet vårt slik det er. Mange henvender seg til Gud og opplever stillheit. Vi ber for våre sjuke, og dei overlever ikkje sjukdomen. Livet kan vere litt av ei prøving.. Vi ber, og Gud er taus. Gud som er taus, eller Gud som ikkje let seg finne er ei menneskeleg erfaring einkvar truande har. Sjølv Jesus etterspurte Guds nærvær .. «min Gud, min Gud kvifor har du forlatt meg».

Teologen Barren seier altså at teksta uttrykker mennesket grunnvilkår og peikar mot kyrkjefader Augustin som seier at «uthaldenheit i bøn gjer at hjartet utvidar seg, slik at hjartet kan ta imot det Gud ønsker å gje»

Vi syng det slik:

«Du som ber for ditt barn dine kjære er i forbøn frå år og til år, om du tålmodets lekse må lære himlens bønnesvar engang du får.» (Det er makt i de foldene hender)

Om Jesus prøvde kvinna, eller at han berre mista det og var like frekk mot henne som disiplane- det vil vi aldri få vite.

Det vi imidlertid veit er to ting: den eine er at kvinna ikkje gav seg. Ho kjempar vidare for alt ho har kjært, ho set i gang og diskutere med Jesus. Ho fornedrar seg i samanliknar seg med ein hund, ber om smular, berre smular er nok det! Kvinna innser, dette er ein kamp, og eg skal kjempe den, koste kva det koste vil. Det er som Jakob i Jakobs brytekamp med engelen.. «eg glepp deg ikkje før du velsignar meg»

 

Den andre tingen vi veit er at Jesus ombestemte seg. Han let seg overtale av kvinna, han anerkjenner trua hennar og helbreder dottera. Kvinna sin kamp frå eit gjensvar. Og ho vert velsigna. Gud er bevegeleg, er til å kjempe med, og slepp ikkje. Slik Jakobs kamp endar med at dagen gryr og Gud som velsignar møter han.

 

Å gje seg.

Det finst gode grunnar for å gje seg.

Livets hofteslag kan råke hardt.. sjukdom, sorg og manglande kjærleik kan slå beina under menneske og gjere ein fullstendig kraftlaus og redd for livet.

Det finst gode grunnar til å gi seg, berre vere still og teie «snill», ikkje lage bråk og la nokon andre få ta kampen og seie ifrå om urett. Som å sjå vekk når andre vert trakka på, når seksuelle overgrep skjer, slik at vald og trakassering berre får halde fram. Kva er det som gjer at det ser ut til å vere gode grunnar til å la være å ta kampen mot at kvinner og born vert ofre for valdtekt som krigføring, at jenter vert nekta arbeid og sosial liv fordi er menn sin eigendom, eller ikkje kan gå på skule fordi dei ikkje har bind å bruke når dei har mensen.

Kva gjer at vi la vær å seie ifrå at naboen bankar kona, for ein skal ikkje stikke nasa si i andre sine saker?

Kvifor vert kvinnespørsmål og feminisme kvinners ansvar, og ofte noko som er gjenstand for latter i lunsjen?

Mange trekk på skuldrane over av at det nasjonalt og internasjonalt er ei rørsle av unge kristne menn i frikyrkjelege miljø som meiner kvinner må ha ein mann til å styre både seg og kyrkjelydane. Difor kan kvinner ikkje kan ha leiaransvar i kyrkjelyden. Mange meiner likestilling er noko som skal skje naturleg same om det tek 140 år.

«Hysj, gjer deg ferdig med henne», sa disiplane..  vi ser det skje igjen og igjen. Spørsmålet om kvinners rettar vert ofte ei kvinnegreie, noko som ikkje angår alle, men noko kvinner skal seie ifrå om og ordne opp i sjølv.

 

Å våge

«Vær deg sjølv, stå opp for andre», lærer ungdomane våre her i ungdomsmiljøet.

Eit spennande tankeeksperiment er dette: Ville Jakob stilt opp for den kanaaneiske kvinna? Han som veit kva kamp er? Eg trur han ville det. Eg håper han vil det!

For eg trur det fins nokon som kan skal stille opp for alle stemmelause?

Eg finn det rett å stille spørsmålet som ei etisk utfordring for vår tid. For vi lever i ei narsissistisk tid der det handler om å realisere seg sjølv. Fokuset rundt meg, mitt og min familie er mest grenselaust. Til og med nyheiter vert presentert på ein måte som gjer at ein får klikk på internett. Det gir mange fleire klikk å legge ut fjellbilder av seg sjølv, enn bilder av syriske mødre som prøver verge borna sine mot krig.

Jakob og den namnlause kanaaneiske kvinna, ja Bibelen gjev henne faktisk ikkje namn, dei to saman med teksta i Jakobs brev har imidlertid ein evangelisk kraft i seg som er vel verdt å merke seg. Historiene om deira liv er bevitna i Bibelen. Framleis er den verdas mest selde bok fordi den har denne krafta i seg. Alle livserfaringar står mellom desse permane. Hagar i audemarka, Tamar som vert utsett for overgrep, Rut den fattige som vart mektig, Noomi den sorgtunge som trudde ingen var glad i henne, kvinnene rundt Jesus, Lydia som leia kyrkjelyd på Paulus si tid.... osb.

Dei løfter saman med den kananeeisek kvinna fram desse to perspektiva:

  1. Det gjeld å ikkje gi seg,
  2. Gud velsingar

Jakob kjemper ein kamp om å kome nær Gud. Når han mister alt, kan han ikkje miste trua. Den kananneiske kvinnar kjemper for det ho er redd for å miste, sitt sjuke barn, og finn trua. Og idag 8 mars, på dagen der vi marker kampen for kvinners like rettar og like verd, anerkjenner vi at det framleis ein kamp. Den ser ulik ut rundt omkring i verda, men det er ein kamp for den Gud som seier at her er verken jøde eller grekar, verken kvinne eller mann, alle er eitt i Kristus. Så når nokon av oss lid, så lid vi alle.  Denne grunnleggande solidarieteten er forankra i den kristne trua, og den har sprengkraft i seg til å gå på kne, diskutere om smular og kjempe kampar til morgongry. Kampen som rettar fokuset bort frå eigen navle og til vår neste.

Kan vi på kvinnedagen kjenne att kvinna sin desperasjon for sitt barn? Då kjenner vi  att Guds hjarte i desperasjon for alle sine barn som lid. Kan dette hjartelaget gje oss mot til å ta inn at denne uretten som rammer andre, rammer også oss?

Kva den gje mot til å våge å sjå, våge å seie ifrå?
Jakob kjempa med knust hoft.
Den kanaaneiske kvinna kjempa i sosial utestenging.

Kvinner på flukt med sovande born i fanget har fulgt mi netthinne sist veke.
Sterkast er den som har nokon andre å kjempe for.
Der er nok naud og urett og ta av.

Ikkje fall for freistinga å la vær.
«Men hundane et då smulane som ramlar frå bordet til herrane..»
«Eg slepp deg ikkje før du velsingar»

 

Gud som vever framtid ilag ned oss

Vi song fyrst idag frå Marit Kaldhol sin salme.

Lær meg å strikke, å veve og sy
framtid og voner Jerusalems by,
senger for dei trøtte og telt for dei små
Du er min renning og eg er din tråd.

 

I vår kyrkelyd og i vårt lokalsamfunn er det mange som er trådar i veven til den vevande Gud. Som kjemper ilag med menneske. Dei er både kvinner om menn. Det rører meg djupt å sjå hjartelaget, bønene, dei gode gjerningane, gjennom våre mange skjulte og opne kampar for framtid og håp. For oss og for andre.

Det hjelper, Gud velsignar og liv vert heila.

Slik at håp og framtid kan opne seg for oss og for dei som kjem etter.

 

Til sist.

Her i kyrkja har vi ein dåpskjole til gratis utlån for alle som treng det. Den er gjeven av ein anonym gjevar. Men historia har eg fått lov å fortelle idag.

Den er strikka av ein mor som vaka ved barnet si sjukeseng.

Dagevis og vekesvis satt ho der, og venta på at barnet skulle bli friskt. Eg veit ikkje kva ho tenkte eller bad om, men vi kan leve oss inn i redsla for eit barn som er alvorleg sjukt. Kampen, tårene, angsten.

Denne dama strikka ein dåpskjole medan ho sat der.

Ein kvit dåpskjole som ho gav til Ulstein kyrkje.

Masker i kast, rett og vrangt med bøn og uro for framtida, som vart ein klednad for håpet, livet og framtida.

Masker i ein kjole, smular ved eit bord, livets ulike kampar.

Ei kjempande tru på vår Gud som vil høyre, vil heile og vil velsigne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Tysdagar til fredag kl 10-14

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"