Kveldsgudsteneste på Roppesanden

Velkomen til ei gudsteneste ute søndag, 2. mai kl. 19:00

Kveldsgudsteneste på Roppesanden

Roppesanden er ei perle i naturen i Ulstein kommune og ein plass der vi har feira gudsteneste før. Vi gler oss til å feire gudsteneste der med storhavet i bakgrunnen.

Leidulv Grimstad er prest. Det blir ei litt forenkla gudsteneste med nattverd.

Ta gjerne med ein stol eller noko ann å sitje på. Det er framleis kald luft, så kle deg godt. Vi tilbyr ikkje kyrkjekaffi etterpå, men ta gjerne med ein termos og ein liten matbit til eigen bruk etter gudstenesta.

Parkering:
For å ivareta sikkerheit for trafikken ber vi om parkering ved Gåsneset, ved Vonheim eller andre eigna plasser i gåavstand til Roppesanden.

Smittevern:
På grunn av smittevernsreglane treng vi å registrere alle som tek del. Dette skjer når du kjem til gudsteneste. Også ute skal vi halde 1m avstand til andre enn dei vi bur saman med.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"