Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Påske i Ulstein kyrkje 2019

Påskehøgtida er over oss, og vi startar vår felles vandring. Påsken er ein bevegelse, ei felles vandring – ei vandring vi som fellesskap skal gå i lag. Ei vandring gjennom dei mange emosjonar: fellesskap, vennskap, svik, anger, sorg, liding, angst, mot, usikkerhet, gjenforeining, glede og håp. Ei felles vandring frå inntoget i Jerusalem, til fotvaskinga på skjærtorsdag, til krossen på Golgata, til oppståda på påskemorgen.

Søndag 14.april

- Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!

Gudsteneste med dåp og nattverd kl.11. Vi feirar Jesu inntog i Jerusalem, og begynner reisen gjennom påskeforteljinga. Songgruppa LaKris syng og Kari Aske Osnes er vikarorganist.

 

Onsdag 17.april

Orgelkonsert kl.18 Onsdag i påskeveka tek organist Ståle Helvig oss med inn i Johan Sebastian Bach sin klangverden. Denne gongen framfører han verk frå "Orgelmessa".  Dette er ein samling verk som er skreve rundt gamle salmemesse-melodiar. Fleire av desse lever idag, og er med i den nye salmeboka vår. Her er ordinarie-ledda med: Kyrie, Gloria, Credo og Agnus Dei. I tillegg skriftemålssalmen, dåpssalmen og Herrens bøn. Vel møtt til ein meditativ time i kyrkja.

 

Skjærtorsdag, 18.april

- Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera

På skjærtorsdag er det påskegudsteneste med nattverd på Sjukeheimen kl.16.

Det vil og vera påskeverkstad for born med baking av nattverdbrød og marmorering av påskeegg på Fredheim frå kl. 16:30. Påmelding til mobil: 91696820

I Ulstein kyrkje vil det bli fellesskapsgudsteneste med nattverd kl.18. Kva tyder det for oss i dag at Jesus vaska føtene til disiplane? Jesus gjev oss eit føredøme og ein viktig retning for kva kyrkja skal gjere og vere. På slutten av gudstenesta vert alteret avdekka og alle lys sløkt.

Etter gudstenesta samlas vi til kveldsmåltid på Fredheim. Alle er hjarteleg velkomne!

 

Langfredag, 19.april

- Krossfest! Krossfest!

Pasjonsgudsteneste kl.11 kor vi gjennom tekstlesing og musikk vandrar gjennom lidingshistoria. Tema for tekstmeditasjon vil vera Kristi liding i møte med vår liding. Vi syng salmar, høyrer vakre musikkstykker mellom tekstlesingane. Musikalske bidrag ved Påskekoret, Oline Sæverud Aksnes, Runa Husøy og Ståle Helvig. Kyrkjeklokkene ringer påskehøgtida inn.

 

Påskenatt, 20.april

- Dette er natta då Kristus braut dødens lækjer og seirande stod opp frå dødsriket

Vi feirar påskenattsmesse kl.23. Vi møter i ei mørklagt kyrkje ein time før midnatt og så tenner vi Kristuslyset og syng «Exsultet» som har røter frå oldkyrkja. Vi les om skapinga, lyset og oppstoda medan vi held våre stearinlys i hendene. Til slutt går vi ut på gravplassen og syng «Ljos over grav». Ei stemningsfull gudsteneste med ein sterk symbolikk og medidative songar leia av påskekoret.

 

Påskedag, 21.april

- Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid

Høgtidsgudsteneste kl.11. Vi feirar Jesu oppstode og livet som vant over døden. Lysa vert igjen tende i den mørkelagte kyrkja, alteret blir igjen duka og vi proklamerer i lag at «Kristus er oppstaden!» Vi syng våre kjære påskesalmar og feirar livet, fellesskapen og det kristne håpet! Det blir dåp og nattverdbordet blir duka. Påskekoret deltek og Runa Husøy spelar saksofon. Born som vil vere med å dekke alter og dele ut påskeliljer møter litt før.

Vel møtt til kyrkjepåske-feiring!

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"