Under Modersvingen - Lina Sandell- kveld

Konsert og foredrag om Lina Sandells liv og dikting med Stephanie Lippert, vokal; Bjørnar Myhr, piano; Hallvard Braaten Steinhovden, cello; Marit O Kaldhol, foredrag

Under Modersvingen - Lina Sandell- kveld

Lina Sandells salmar har prega kristen menighetssong i Norden gjennom ca. 150 år.
Kva var bakgrunnen for at ho kunne skrive så vakkert om ‘Guds lilla barnaskara’?
Kva gjorde tekstane hennar så slitesterke?
Kven var ho og kva slags liv levde ho?
Var ho pietist eller feminist?

Konsert- og foredragsdelane er fletta saman i ein heilskap som gir eit nærbilde i ord og tonar av Lina Sandell og tida ho levde i.

I foredraget ser Marit O Kaldhol nærare på den omfangsrike forfattarskapen og det dramatiske livet til denne svenske forfattaren som stadig er like populær.

Konserten byd på både kjente og nokre mindre kjente songar av Lina Sandell, til kjente og mindre kjente melodiar.

Bjørnar Myhr har skrive nye arrangement og vidareutvikla dei musikalske uttrykka. Han er sjølv med på piano saman med Hallvard Braaten Steinhovden, cello.

Stephanie Lippert syng dei svenske originalversjonane.

Medverkande:

Stephanie Lippert, vokal.
Mezzosopran/visesongar frå Sverige, utdanning frå Operaakademiet i København. Frilans operasongar med roller i Norge, Danmark og Sverige og  mange års erfaring som konsertsolist og kyrkjesongar, m.a. i gravferder og bryllaup i Norge.
Busett i Tomrefjord sidan 2020, starta der Djupvik Songformidling.

Bjørnar Myhr, piano, arr.
Klassisk pianist frå Musikk-konservatoriet i Trondheim, Fylkesmusikar i Møre & Romsdal i 25 år, i dag tilsett ved Ålesund vgs., Musikklinja, og Ålesund Kulturskole/Fargespill Ålesund. Aktiv utøvar og arrangør, samarbeid med Ålesund Symfoniorkester, Brass Brothers m.fl. innan klassisk, jazz, salmar og fado.

Hallvard Braaten Steinhovden, cello.
Cellist med utdanning frå Trondheim/Århus og Tromsø, frilans, solooppdrag for m.a. Arktisk Filharmoni og Ålesund Symfoniorkester, aktiv kammermusikar med div. samarbeid, plateprosjekt og turnéar på tvers av sjangrar. Frå 2021 festivalsjef for Fjord Cadenza.

Marit O Kaldhol, forfattar.
Har gitt ut ei rekke poesi- og prosabøker for barn, ungdom og vaksne, har mottatt nasjonale og internasjonale litteraturprisar. Div. samarbeidsprosjekt med lokale musikarar og skodespelarar.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), på kyrkjekontoret (opningstid tysdag – fredag 10-14) eller i våpenhuset til Ulstein kyrkje rett før konserten!

Billettpris
Voksen kr 200,-
Born og ungdom i skulealder gratis

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"