Glede og kjærleik frå morgon til kveld på hjartedagen

Rekordmange gifta seg i Ulstein kyrkje på Valentinsdagen, 2025. Eitt av siste par ut var vår kollega Mari Ann , og hennar Harald. Dette var holdt hemmelig også for dei fleste tilsette i Ulstein kyrkje.

Glede og kjærleik frå morgon til kveld på hjartedagen

Det er ekstra fint at vennina og arbeidskollega Margit Lovise Holte var presten som vigde oss, seier Mari Ann.

Det blei ein lang, men spesiell fin arbeidsdag, med å sjå inn i så mange lykkelige augo. Dei som jobba for at dagen blei ein høgtidsdag for alle sto på frå tidleg om morgonen til kvelden.

Det er mange som var i sving for å gjere dagen til ei flott oppleving.

Prester som sto for vigslane var sokneprest Margit Lovise Holte og vikarprest Tone Cecilie Carlsten. Michelle Öhman var kantor på alle vigslar, medan Mari Ann Vattøy og sekretær Lill-Marte Apelseth Solbakken bidrog med Solosang. Som sekretær tok Lill-Marte seg av av alt kontakt- og papirarbeid i førevegen også, og det høyrte med til opplegget at para også får bilde frå vigsla som både Lill-Marte og Ruben Voldsund tok undervegs. Kyrkjetenarane Jan Erling Falk Davidsen og Marius Schjelderup ringte med kyrkjeklokkene for kvar vigsle frå 09:00 til 17:45, styrte lyd og tok seg av alt det praktiske i kyrkjerommet.

Ein stor takk også til Ringstad blomster som bidrog med pyntinga og Quality hotel Ulstein spanderte ei natt på hotell for paret som trakk vinnarloddet på denne.

Det var tredje år med Valentinsvigsler i Ulstein kyrkje og tilbodet vil også vere der i 2026, der dagen til og med fell på ein laurdag.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"