Ulstein sokn kallar inn til årsmøte og til soknemøte

15. november i Ulstein kyrkje etter gudsteneste (ca. kl. 12:30) På grunn av Korona- situasjonen har soknet ikkje arrangert årsmøte våren 2020. Det skal også haldast soknemøte for å presentere endringar i den lokale grunnordning for gudstenesta som følgje av vedtak i Kyrkjemøtet. Soknerådet ønskjer i tillegg å tematisere på kva måte Korona-pandemien påverkar kyrkjelyden.

Ulstein sokn kallar inn til årsmøte og til soknemøte

Årsmøte

Årsmeldinga vart publisert i august. Soknerådet vil presentere glimt frå årsmeldinga for året 2019. Rekneskapen er vedtatt i sokneråd og godkjent av revisor. Hovudtal frå rekneskapen vil bli lagt fram.

 

Soknemøte

Kyrkjemøte har vedtatt å stramme inn ordning for gudsteneste. Målet er å gjere gudstenestefeiringa over heile landet meir gjenkjenneleg. Det vil bli eit mindre utval av liturgisk musikk og færre variant av liturgiske ledd å velje i mellom. Med dette er det naudsynt å legge opp til justeringar for lokal grunnordning også for gudstenestene i Ulstein. Etter drøfting i ei arbeidsgruppe har soknerådet vedtatt dei endringane vi treng å ha for å leve opp til føringane frå Kyrkjemøtet. Vedtakene vil bli lagt fram for soknemøtet. Soknemøtet skal gi innspel til soknerådet, som vil fatte eit endeleg vedtak som skal sendast over til prost / biskop til godkjenning.

Følgjande ledd i hovudgudstenesten  i Ulstein vil vere berørt av endringane:

  • Endring i ordlyden i syndsvedkjenning, alltid synging av Halleluja- omkved ved lesing av evangelieteksten
  • Endringar i liturgisk musikk for: Kyrie / Gloria / Sanctus / Velsigning

Følgjande ledd i kort ordning for gudsteenste (familiegudsteneste) vil bli berørt av endringane:

  • Endring i ordlyden i syndsvedkjenning, alltid synging av Halleluja- omkved ved lesing av evangelieteksten
  • Endringar i liturgisk musikk: Soknerådet har vedtatt om å søkje dispensjon for å kunne beholde følgjande slik vi bruker dei i dag: Kyrie / Klappe-Gloria / Sanctus / Velsigning
    Soknerådet har vedtatt om å bruke omkved i songen «Livsglede» frå Oslo Soul Children til Halleluja- omkved. Det er også foreslått å søkje om å få droppe Halleluja- omkved.

 

Korleis påverkar Korona- pandemien arbeid i Ulstein kyrkje?

Soknerådet og dei tilsette vil informere og legge opp til ei samtale kring dette spørsmålet

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"