Korleis brukar vi arbeidstid til å finne ressursar til oppgåvene som skal løysast?

Vi skulle ha ei andakt midt på ein kvardag i kyrkja. Kantoren måtte melde forfall på kort varsel og eg som kyrkjeverje måtte finne ein vikar. Alt som skulle til var ein person som kunne spele 2 salmar til allsong - eit oppdrag som ville ta 15 min og som kanskje 100 personar i bygda vår kunne ha gjort.

Korleis brukar vi arbeidstid til å finne ressursar til oppgåvene som skal løysast?

Eg har ei liste med ca. 15 telefonnumre på personar eg kan spørje om å vere vikar for kantor. Nokon kan ein ringe dagtid - andre først på ettermiddag / kveld. Ikkje alle har høve til å ta telefon akkurat når eg ringer. Fordelt på ein heil dag brukte eg meir enn ei time med å skaffe vikar - utan at eg fekk nokon til denne jobben. Eg brukte altså fire gongar så mykje arbeidstid enn sjølve jobben tok eg trengte nokon til. Dette var lite effektiv bruk av ressursane. Fortvila posta eg ei melding på facebook og spurte om det fanst nokon «der ute» som kunne steppe inn. Det tok berre 7 min før ei dame ringte og sa at ho kunne ta oppdraget.

Det som var ei løysing denne gongen kan ikkje vere standard for alle gongane vi i kyrkjelyden treng frivillige eller vikarar. Lettare hadde det vore om eg kunne sendt ei melding til alle dei som, på generelt basis, har sagt at dei kan bli spurt for slike oppdrag. Men dette føresett at slike ressurspersoner registrerer seg med det dei kunne bidra med - utan at dei med dette forpliktar seg til noko konkret. Men på denne måten kunne dei blitt kontakta via eit tastetrykk og dei kunne velje om dei ville tatt oppdraget når eit konkret oppdraget blir annonsert. Med den første som tek oppdraget er oppdraget markert som tatt. Enkelt å annonsere, enkelt å svare på, enkelt å halde oversikt.

Det er nettopp dette tenesten AIDO leverer. Samle ressursane, og skreddersy forespørsler til dei som det er relevant for. Eit verktøy til å jobbe både effektivt og målretta med frivillige, vikarar og små oppdrag.

I Ulstein kyrkje har vi vedtatt å ta i bruk denne tenesta. Vi har meir enn 300 ulike frivillige som bidrar i vårt arbeid. Det er ei utfordring å halde oversikt. Mange som kunne ha bidratt blir aldri spurt, mange blir spurt av fleire alt for ofte og det er mange ettermiddagar / kvelder for dei tilsette med å ta ringerunder. Vi ønskjer difor at så mange som mogleg registrerer seg i AIDO og laster ned appen slik at vi kan ta i bruk tenesta. Sjølv om du kanskje berre tek på deg ei oppgåve i løpet av eit heilt år - det er heilt ok! Vi ønskjer ditt engasjement velkomen!

Slik kjem du i gang

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"