Digitale gudsteneste 10. og 17. januar

Vi ønskjer Øystein Bjørdal hjartaleg velkomen som vikarprest i Ulstein kyrkje. Den tidlegare domprosten frå Molde skal gjere teneste i Ulstein til og med påske.

Digitale gudsteneste 10. og 17. januar

Men kyrkjelyden får møte vikarprest Øystein Bjørdal først på den digitale arenaen. Både 10. og 17. januar  kl. 11:00 sender vi gudsteneste frå Ulstein kyrkje på Youtube og Facebook. Det blir litt forenkla gudsteneste tilpassa den digitale arenaen. Kyrkja vil ikkje vere open for gudstenestedeltaking desse to søndagane.

Inntil vi kan møtast gjen vil det bli sendt ei andakt eller eit lite musikkbidrag på tysdagar og torsdagar kl. 17:00

På torsdagane sender vi også andakt kl. 11.00 til TV- apparatane på sjukeheimen.

Starten på det nye året vart ikkje heilt slik vi hadde sett for oss, og kanskje treng du nokon å prate med? Prestane og diakon er tilgjengelege for samtalar, også no i denne perioden når vi ikkje kan ha gudstenester eller andre aktivitetar i kyrkja.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"