#668babies - besøk av kampanjegruppe på kyrkjekontoret

I dag 17. januar fekk kyrkjekontoret ei orientering om situasjonen i Tyrkia der #668 babyar og #17000 kvinner vert halde fengsla utan rettsak, bevis eller dom. Gulnara Nadamova, tidlegare forskningsassistent hadde eit engasjert innlegg for oss der ho, saman med si gruppe, fortalde om at dei vil vere stemme for dei stemmelause som urettvist er halde i fengsel i Tyrkia.

#668babies - besøk av kampanjegruppe på kyrkjekontoret

Dei er ingeniørar, lærarar, dataingeniørar og er no politiske flyktningar i Noreg. Om kort rid reiser dei til ulike kommuner i Noreg for busetting, men før dei reiste ville dei nytte høvet å fortelje om uretten deira landsmenn vert utsette for. Dei opplever at Tyrkia er stengt for kommunikasjon frå andre enn regimet, og at det er deira ansvar å gje stemme til dei stemmelause. Dei ber om at vi høyrer, at vi følger med på kampanjen deira for å få frigitt desse rettslause kvinnene og babyar, - og at vi ber for situasjonen.

I diakoniplanen for Den norske kyrkja er det fire hovudtema: inkluderande fellesskap, nestekjærleik, kamp for rettferd og vern om skaparverket. Difor gir det stor meining å lytte til livsfortellingar, og delta i nestekjærleik, og kampen for rettferd og fridom for alle menneske. Vi vil inkludere kunnskapen vår i preike og forbøn i komande søndag si gudsteneste, og oppmodar alle til å vere med å be for desse våre medmenneske .
Bilde: Sokneprest Margit Lovise Holte, foredragshaldar Gulnara Nadamova, diakon Ranveig Kaldhol. Bilde to: tilsette og deltakara frå gruppa.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"