Kle deg varmt når du kjem til Ulstein kyrkje

Med dei låge vintertemperaturene har vi ei svært krevjande inneklima- situasjon i kyrkja: Sjølv om varmeomnane står på kontinuerleg kjem ikkje temperaturen høgare opp enn 15 grader. Samstundes har luftfuktigheita gått kontinuerleg ned og både orgel og kyrkjebygget er sterkt påverka av dette.

Kle deg varmt når du kjem til Ulstein kyrkje

Da vi varma opp noko ekstra med 3 sterke vifteomner på onsdag i tillegg, blei det varmt nok til å kunne gjennomføre konfirmantundervisning, men luftfuktigheita har da gått ned til 18%. Ekstrem tørr luft har resultert i at treverket i orgelet har vrengt seg og nokre ventiler ikkje lukker tett nok lenger. Falsk luft fører dermed til at fleire piper hyler konstant på fleire register. Ei slik orgel kan ikje brukast

Vi har måttet senke temperaturen til om lag 10-12 grader i kyrkjerommet og dette vil forbli inntil luftfuktigheten går opp igjen. Vi håper at orgelet oppfører seg normalt igjen når luftfuktigheita er høgare igjen, men vi må også konsultere ein orgelbyggar. Inntil da treng folk å kle godt på seg når dei kjem til Ulstein kyrkje. Det er pianoet som må brukast framfor orgelet.

Tillitsvalt for dei tilsette i Ulstein kyrkje har gitt uttrykk for at det å jobbe i ei slik kyrkje er å rekne som kritikkverdige arbeidsforhold. Vi treng å leige alternative rom for trusopplæring, konfirmantundervisning, gudsteneste og andre aktiviteter inntil situasjonen er løyst. Vi er i dialog med gravfølgje for gravferd på tysdag for å finne ei akseptabel løysing.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"